Misjon, dialog og økseskaft

JØDENE: For ein månad sidan spurte eg Den norske Israelsmisjonen (DNI) om kva organisasjonen la i dei misforståelege omgrepa «Israel» og «misjon». I Vårt Land fekk eg svar. Eller gjorde eg det?

– Spørsmålet mitt, som eg ikkje har fått svar på, er kva DNI legg i det sentrale ordet Israel? Er det staten Israel som vart oppretta i 1948 eller er dreier det seg om alle med jødisk tru, spør innsenderen. På bildet: Solidaritetsmarkering for Israel utenfor Stortinget.
Publisert Sist oppdatert

Utgangspunktet for ein samtale om kristen misjon blant jødar, er vi einige om: Som DNI skriv, deler vi eit «ønske om å øke kirkens sensitivitet og ydmykhet i møte med den jødiske minoriteten. Kirkens bekmørke historie stiller høye krav til dagens kirke- og misjonsledere i møte med jøder og jødedom.» Den katolske kyrkja og fleire viktige protestantiske kyrkjer har etter Holocaust konkludert med at det ikkje er rett å drive slik misjonsverksemd retta mot jødar. Israelsmisjonen meiner tydelegvis at det stadig er det.

Og då vil eg berre vite meir om kva dei legg i dette omgrepet. Er DNI einig med den pensjonerte lekpredikanten Erik Dahl om at det «å fortelle jøder om Jesus og det han står for [...] må komme i samme gruppe som å forkynne evangeliet for muslimer og hinduer»?

«Forkynne Jesus for dem»

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP