Med hovudet i Riftdalen
Det er ei trøystesløyse i eit valår å stå på kanten av Riftdalen og sjå ned i mørke avgrunna, utan å ha noko parti å stemme på.
Riftdalen i Aust-Afrika. Foto: Eright
Eit stendig gjenteke spørsmål i norsk presse er kva vi skal leva av etter olja? Sett i ljos av at vi bruker rundt sju kaloriar, det meste frå olje, for å bringe fram ein kalori i form av mat til sluttbrukar, kan dette tykkjast som eit godt spørsmål. Men det er neppe dette journalistane har i tankane.
Truleg tenkjer dei mest på korleis vi skal kunne oppretthalde forbruk, velferdssystemet og pensjonane, og ikkje so mykje på brødet på bordet. Rett nok lev ikkje menneska av brød åleine, men mykje tyder på at vi bør fokusere meir på basisbehova.
Eit betre spørsmål frå journalistane ville vore å spørje korleis vi skal overleva i framtida, men dette er ikkje ei overskrift som sel aviser. Framleis vert dei fleste eg talar med distanserte eller nærast aggressive når eg reiser desse perspektiva, og dei parerar gjerne med noko slikt som at dommedagsprofetar har vore rundt i tusenar av år. Rett nok kjem desse åtvaringane òg ovanfrå, men diverre er det ikkje ein vreid Gud som trugar menneskjeslekta med armod og pinsler denne gongen, men ei rekke satellittar som går i bane rundt moder jord og overvakar helsetilstanden hennar.
"Det er absurd å være biolog i dag. Vi beskriver daglig hvordan verden i et umerkelig tidsglimt ødelegges og tømmes for ressurser. På noen tiår endres de globale økosystemene. På 12 måneder brukes nå 17 måneders naturproduksjon. Seksti prosent av jordas økosystemer er sterkt skadet. Klimaendringene er bare en bit av dette. Dette er ikke «å tegne et dystert bilde», slik Torgeir Micaelsen sier. Det er å vise til hva FN, UNEP og de store forskningsinstitusjonene advarer verden med (se www.grida.no og www.cs-n.org). Kan vi tro på at ny teknologi kan gjenskape rent vann, matproduksjon og erstatte rensende økosystemer på globalt nivå? Det kan nå se ut som om «vi» tar sjansen på at mirakelløsninger vil dukke opp. Når oljen blir borte er krisen et faktum. Det vil de unge oppleve.
Bestill abonnement her
KJØP