Landslova av 1274 som eit kall frå Gud
JUBILEUM: Når vi no går inn i året 2024, markerer vi at det er 750 år sidan Magnus Lagabøter innførte vår første nasjonale lovgjeving, Landslova. Den la grunnen for eit nytt og meir humant menneskesyn i Norge.
JUBILEUM: Landslova var ei lov for heile landet og vart innført i 1274 av Magnus Lagabøter. I 2024 markerast 750-årsjubileet til Landslova som som eit nasjonalt jubileum. Codex Hardenbergianus omtalast ofte som den finaste utgåven av landslova og kan sjåast på Nasjonalbibilioteket.
Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Ti år gamal oppheld den framtidige kong Magnus Lagabøter seg i eit hus i Bergen, to veker før Jonsok i 1248. Området rundt Mariakyrkja i byen hadde brent ned bare eit par dagar tidelgare, men brannen vart sløkt før den spreidde seg til heile byen. Men no skjedde det igjen. Lynet slo ned i taket på huset der Magnus oppheld seg. Som ved eit Guds under, heiter det i Håkon Håkonssons saga, slo ikkje lynet inn i huset, men gjekk i staden ut på Vågen. Men gneistane frå lynet gjorde at byen brann på nytt. Denne gongen brann heile byen ned. Men Magnus berga likevel livet.
Det var truleg Magnus Lagabøter sjølv som var kjelde til desse opplysningane som vaksen einekonge i Norge. Det er difor mykje mogeleg at det var hans eigne ord at hendinga var eit Guds under. Slik må den ti år gamle guten ha følt det, og han må ha spekulert på kvifor han ikkje døydde i ei så totalt øydeleggjande hending: Kva var Guds plan for livet hans?
Det er mogeleg at den framtidige kongen alt på dette tidspunktet fekk undervisning av fransiskanarane i Bergen. Dei hadde i 1240 etablert eit kloster i utkanten av byen, ved innfarten til torget. Ved vegen her sat dei elendige og vona at dei som kom til byen for å handla gav ein skjerv til tiggarane for å få Guds miskunn og slik gjera ein god handel. Gjennom å verta undervist av fransiskanarane, må Magnus ha vore kjent med dette slumområdet i Bergen. Kanskje var det her, i samfunnet si skuggeside, at han fann kva som var Guds plan for livet hans: å endra samfunnet gjennom lovgjeving.
Bestill abonnement her
KJØP