Kyrkja som politisk system eller medlemsorganisasjon?

KYRKJEDEMOKRATI: Kanskje må me i interessefellesskapet som kyrkja er, meir enn i ein stat, stilla oss spørsmålet: Er det folk eller politiske saker me ønskjer å stemma på?

FRAMLEIS STATSKYRKJE? – Spørsmålet er om det ikkje snart er tid for at DNK organiserer demokratiet sitt meir som den store medlemsorganisasjonen me er, og ikkje som om me fortsatt var ei statskyrkje, skriv Dag Sele. Bilete frå Kyrkjemøtet i 2024.
Publisert Sist oppdatert

Redaktør Bjørn Kristoffer Bore og leiar i Åpen folkekirke Gard Sandaker-Nielsen har i Vårt Land ei interessant meiningsutveksling om demokrati og dei ulike listene til kyrkjevalet. Det er interessant i seg sjølv at Åpen Folkekirke synest å meina at deira fokus på eit politisk program for utvalde saker er meir demokratisk enn Nominasjonskomiteane si utvelging av kandidatar gjennom ein prosess forankra i dei enkelte sokna.

Eg vil likevel meina at denne debatten handlar om noko større og viktigare enn framtida til Nominasjonskomiteen sine lister. Saka handlar etter mitt skjønn først og fremst om kva form for demokrati som er tenleg for Den norske kyrkja (DNK). Og spørsmålet er då om det ikkje snart er tid for at DNK organiserer demokratiet sitt meir som den store medlemsorganisasjonen me er, og ikkje som om me fortsatt var ei statskyrkje. Sandaker-Nielsen hevdar at DNK «... med sin landsdekkende organisering har et demokrati som likner mer på strukturer i det demokratiet vi kjenner fra stat og kommune.»

Ein slik påstand vil eg tenka kan verka underleg for både andre kyrkjesamfunn og landsdekkjande organisasjonar som Norges Røde Kors og Norges Idrettsforbund.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP