Kva ord er uakseptable om 30 år?

Ord som blir brukte om minoritetsgrupper, kjem til å forsvinne. Men «hore» og «fuckboy» får vi kanskje høyre i mange år framover.

Verdidebatt

Herdis Auestad Nergaard (19)

Skuleelev

For 30 år sidan var ord som «neger», «mongoloid» og «pakkis» allment aksepterte. Men situasjonen har endra seg, for frå å gå til heilt normale ord, er dei i dag uakseptable. Bruker ein dei på jobb, skule eller elles i samfunnet, vil ein få stygge blikk.

Samstundes er sjansen ofte mindre for at nokon reagerer viss ein bruker sånne ord blant vener. Kvifor er det sånn? Og kva ord vil bli uakseptable å bruke 30 år frå no?

Offentleg og privat

Ein bruker språket ulikt alt etter kven ein kommuniserer med. For ein snakkar annleis med vener og familie enn ein gjer i eit klasserom eller på jobben. Difor kan ein skilje mellom to språk: Det offentlege og det private. Når eit ord blir uakseptabelt å bruke, forsvinn det ut av det offentlege språket. Til dels skjer det òg i det private språket, men ofte lever ord i beste velgåande på privaten lenge etter at det blei tabu i det offentlege. Det er difor viktig å skilje mellom desse to språka når ein ser på kva ord som kan ende opp med å gå ut på dato.

Kva ord som er akseptable å bruke i det offentlege språket, har endra seg veldig dei siste 30 åra. Fellestrekket er at orda som har gått ut på dato, blei brukte til å beskrive minoritetsgrupper. Heilt fram til 2000-talet var det greitt å seie til dømes «neger» og «mongoloid».

Etter kvart som Noreg blei eit fleirkulturelt land, og det blei større toleranse for mangfald, blei desse orda derimot uakseptable. Dei som blei omtalte som «negrar» og «mongoar» oppfatta denne språkbruken som diskriminerande, mellom anna fordi ein del av desse orda hang igjen frå ei fortid då dei hadde blitt brukte til å degradere desse gruppene. Etter kvart forsvann orda ut av det offentlege språket.

• LES OGSÅ: – Slik kan rasismen dø ut, skriver Elise Agdestein (21)

Heng igjen

I det private språket ser ein derimot at ein del av desse orda heng igjen. Ein ser det kanskje spesielt blant ungdom. I ein del gjengar er ord som «retard» og «mongo» heilt akseptable å bruke for å beskrive andre. I tillegg blir jenter kalla for «hore» og «fitte» av gutar, medan jentene snakkar om «fuckboyar». Desse orda hadde vore uakseptable å bruke i det offentlege språket. Men fordi denne språkbruken ikkje har blitt sanksjonert i det private språket, har orda levd vidare der.

For det er nettopp sanksjonar som er grunnen til at ord forsvinn ut av eit språk. I det offentlege språket vil ein til dømes sjå at viss ei avis bruker ordet «retardert» for å beskrive ein person, vil dette føre til oppslag i andre aviser. Og viss nokon kallar ein kollega for «fitte», vil sjefen sanksjonere det. Gjentek det seg, risikerer ein å miste jobben. Reaksjonane er sterke, og for å sleppe å bli sanksjonerte unngår folk å bruke desse orda.

Vener må reagere

På privaten manglar ofte desse sanksjonane. For det er heilt akseptabelt å bruke ord som «gay» eller «homse» i ein del gjengar. Så lenge kompisar og vener aksepterer måten ein snakkar på, er det ingen grunn til at ein legg om språkbruken. For at sånne ord skal forsvinne ut av det private språket, er det nødvendig med sanksjonar.

Dei som bruker desse orda, må lære frå dei er små at dei er uakseptable. I tillegg er det vener som må reagere på språkbruken, for dei fleste elevar bryr seg ikkje om at læraren kritiserer språket deira, men viss vener reagerer, er sjansen større for at ein endrar måten ein snakkar på. Dei aller fleste ungdommar ønskjer å passe inn og vil ikkje ha negativ merksemd for måten dei snakkar på. Viss dei kan unngå det ved å leggje frå seg enkelte ord, er sjansen stor for at dei gjer nettopp det.

Kva forsvinn?

Kva ord som vil bli sanksjonerte framover, og etter kvart bli uakseptable, er vanskeleg å vete. Men eg trur at trenden der ord som blir brukte om minoritetsgrupper, forsvinn ut, held fram. Når nye grupper står fram og seier at dei opplever det diskriminerande å bli kalla til dømes «svarting», vil ordet etter kvart forsvinne ut av det offentlege språket.

I det private er eg usikker på korleis utviklinga vil gå. Ho er avhengig av om språkbruken blir sanksjonert, for viss ikkje trur eg at det vil vere greitt å seie «bitch» og «hore» der, sjølv om 30 år.

 

LES MEIR:

«Rasismen var så innbakt i det engelske språket, sa King i 1967, at selve språket var et fengsel»

JK Rowling i hardt vær etter transfobiske utsagn

Vårt Land mener: «Det er ikke sensur når meninger møtes med sterke motargumenter»

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt