KrF kan kome i vippeposisjon om TISA
Den enorme frihandelsavtalen for tenester, TISA, som Norge no har forhanda med femti andre land om i to år, får sterk kritikk. Avtalen vil omfatte eit område som er meir enn dobbelt så stort som EØS, og vil gi globale konsern store fordelar
Auka frihandel gjennom TISA vil vere til fordel for nokre (dei mest konkurransedyktige), og ein trussel for andre. Mindre konkurransedyktige sektorar både i uland og i eit land som vårt, vil få problem med konkurranse frå land som USA, Japan, Sør-Korea, Australia, osv.
Mange uland ser på TISA som ein trussel fordi denne avtalen, på same måten som TTIP og TPP, blir forhandla utanfor WTO-systemet, og er dermed svært øydeleggande for WTO som internasjonalt rammeverk for internasjonal handel. I forhandlingane i WTO om vidare liberalisering av handelen med tenester, har fleire uland sett ned foten fordi dei har sett at dette på ingen måte er i deira interesse. Dette ville dei mest konkurransedyktige konserna i USA og EU ikkje tolerere, og pressa derfor på for å få igang forhandlingar mellom anna om TISA.
Hemmeleghaldet som desse forhandlingane "skjuler seg bak", gjer at svært få enno har kjennskap til det som foregår. Dette gjeld i alle dei landa som er med i forhandlingane, også Norge. Til og med Stortinget er av Regjeringa informert om forhandlingane på ein måte som grensar til direkte feilinformering. Første gongen Stortinget fekk høyre om avtalen, i eit par bisetningar i stortingsproposisjonen for statbudsjettet for 2014, vart det til og med påstått at TISA var i "tråd med Norge sin WTO-politikk", trass i at forhandlingane altså skjer i konflikt med WTO, og blir sett på som ein trussel mot den organisasjonen.
Bestill abonnement her
KJØP