Eg blir i KrF med stort frimot!
POLITIKK: Vegen inn i politisk engasjement for meg var kampen for menneskeverdet i abortsaka og kampen mot den globale uretten og fattigdomen. I begge desse sakene hadde KrF høgst truverde på 70-talet – og dei har det i dag.
KRF: – Valet i september blir eit viktig verdival der vi må gi KrF slagkraft i norsk politikk, skriv Rolf Kjøde.
Eirik Bjørklund
Lettare oppgitt over alle usaklege nettkommentarar til Marit Elisebet Totlands utmelding av KrF, skriv eg heller ned mine tankar om kvifor eg blir verande med frimot etter meir enn 50 års medlemsskap. Og kvifor eg ikkje følgjer argumentasjonen hennar.
Kampen for menneskeverdet
Vegen inn i ungt politisk engasjement for meg var kampen for menneskeverdet i abortsaka og kampen mot den globale uretten og fattigdomen. I begge desse sakene hadde KrF høgst truverde på 70-talet – og dei har det i dag. Eg ønsker meg samtidig meir kraft og mot til å fronte ein politikk som tar dei globale klimaendringane tydelegare på alvor.
Bestill abonnement her
KJØP