Korleis nå sitt «publikum»
GUDSTENESTER: Kyrkja må vere eit vitne om åndeleg kraft – ikkje minst på konfirmasjonsgudstenester – på ein slik måte at «publikum» vert berørt og omgjort til aktive kyrkjelydsmedlemer.
STRATEGIAR: «Ein bør så langt mogeleg unngå å ha eigne dåpsgudstenester og konfirmasjonsgudstenester der den ordinære kyrkjelyden ikkje deltek», skriv Geir Sørebø, som eit av fleire forslag på kva gudstenestestrategi kyrkja skal velje.
Stian Lysberg Solum / NTB / Privat
Merete Thomassen gjev ein treffande omtale av ei konfirmasjonsgudsteneste der dei færraste i kyrkja er aktive deltakarar (VL 18.01.22). Dette er noko som vi prestar kjenner oss att i. Gudstenester med konfirmasjon og dåp, eller gudstenester på julaftan eller 17. mai, kan ofte ha eit stort «publikum» som ser på den kyrkjelege «førestillinga» med varierande interesse og med eit skrått blikk på Facebook.
Vi må nok i vår del av verda innsjå at vi lever i ei sekulær tid. Ifølgje filosofen Charles Taylor sitt store verk om sekularisering, så er eitt av kjenneteikna for den sekulære tidsepoken at verda vert tømt for autonome åndelege vesen og åndskrefter. Djevel, demonar, englar, usynlege sjeler, osv. er noko som for dei fleste berre finst i mytiske forteljingar, og i same kategorien kjem eigentleg både Faderen, Sonen og Den heilage ande.
Den treeinige Gud finn dei omtala i historiske kjelder og som objekt for einskilde menneske si tru, men eit reelt nærvær eller praktisk innverknad på vårt samfunn og våre liv er reint hypotetisk og usannsynleg. Vi som er prestar i lokalsamfunn der vi kjenner omtrent alle, vil ha erfart at dette i løpet av den siste generasjonen har vorte majoriteten sitt materialistiske livssyn.
Bestill abonnement her
KJØP