Klima eller miljø?
Hysteri eller Realisme?
Klimabylgjene går høgt og engasjementet er intenst. Saka har fått eit religiøst preg med fakkeltog, klimabrøl og skulestreik for heilage klimamål.
Me har ei global prestinne som nesten fekk Nobelprisen, - og kan du kalla deg klimaforskar, er du med i presteskapet som spår død og undergang – for oss alle dersom me ikkje vender om frå fossilt brennstoff, sluttar med kjøt-eting og kjenner på flyskam og fossilskam.
Klimamodellane er heilage skrifter, og klimaaktivistane er lekfolket og har klimamål som liturgi.