«Kastar om seg med granatar og nyt å sjå på eksplosjonane»
FILM: Vårt Land si melding av dokumentaren «What is a Woman?» spør om den er noko for kristne nordmenn. Svaret på det er definitivt nei.
POLARISERING: Å tilrå ein dokumentar av Matt Walsh for å få innsyn i kjønnsdebatten, er litt som å tilrå ein artikkel på Steigan.no om Ukraina-krigen: Det vil ikkje vere ei nyansert framstilling, og det vil først og fremst berre styrke trua til dei som allereie er samde med dei som står bak, skriv Mai Lene Fløysvik Hæåk.
Skjermbilde
Matt Walsh, politisk kommentator på amerikansk høgreside, har laga ein dokumentar om kjønn. Som Daniel Joachim Kleiven skriv i meldinga si, er det fleire norske kristenleiarar som har tilrådd filmen. Det er trist. Eg håpar ikkje at ein dokumentar av Matt Walsh skal bidra til å definere korleis me snakkar om kjønn i kristne samanhengar.
Smalt syn på kjønn
Det er det mange grunnar til. For det første ser det ut til at Walsh sjølv har eit smalt syn på kjønn og kva ei kvinne er. Dokumentaren opnar med scener frå barnebursdagen til tvillingane hans, ein gut og ei jente. Medan Walsh snakkar om kor fantastisk det er å vere forelder, får me sjå ei gruppe gutar kledd i blått og ei gruppe jenter kledd i rosa. Medan tvillingjenta får hårpynt og porselensservise i gåve, får guten eit luftvåpen, som ifølgje Walsh er den einaste emosjonelle støtta guten treng. Vidare erklærer Walsh at dei som seier at det ikkje er skilnadar mellom jenter og gutar, er idiotar. Det berre er sånn at jenter liker rosa og gutar liker blått, og det blir ikkje gjort noko forsøk på å reflektere rundt forventningane dei ulike kjønna blir møtt med.
Bestill abonnement her
KJØP