Hjartespråk i lovsongen
LOVSONG: Gud kjem nok ikkje til å vri seg i uhyggje om nokon lovsyng Han på engelsk.
MUSIKK: Eg vil gjerne ta vare på det norske språket i kyrkja, og slår eit slag for god norsk lovsong, skriv innsendaren.
Tuva Skare
Me skal lovsynga Gud, utan å henga oss for mykje opp i eigne preferansar.
Ein sur dag i august køyrde eg og mor mi opp til Haugesund. Det regna sterkt den dagen. Frå høgtalaranlegget klimpra det svakt frå gitaren på ein CD av Roland Utbult, ein svensk evangelikal songar. Mor sa ho hadde fått omslaget signert av Utbult sjølv i si tid, og at dei fleste kristne artistane ho høyrde på song på svensk.
Dette minna meg om korleis lovsongen er i dag, berre at engelsk har teke svensken sin plass. Engelsk har altså vorte Guds språk. Om ein går inn i ei norsk kyrkje, eller på andre kristne møte, som The Send, høyrer ein dette raskt. Fleire – om ikkje alle – lovsongane vert sunge på engelsk i norske kyrkjer. Som resultat finst det òg folk som kjempar mot den engelske «okkupasjonen» av lovsongen. Norsk burde fremjast som hjartespråket!