Håp ved eit myrhol
DØDEN: Det er så mykje rart som blir lest og sagt i ei gravferd. Kanskje er dette årsaka til at nettopp Johannes 3,16 bør bli ståande.
GRAVFERD: – Jesus låg intulla i linkle i ei tørr, kald steinhole i fjellet i omlag 36 timar. Ikkje i eit blaut myrjordhol med minst ein meter mold over seg, totalt oppløyst og makketen, skriv presten. På bilete: Østre gravlund, Helsfyr i Oslo.
Lise Åserud
Ja, eg har kjent det ubehageleg å lese «fortapt» eller «tapt» i gravferdsliturgien. Og eg veit at nokon prestar kuttar heile verset ut. I ikkje-religiøse gravferder er det ikkje med i det heile. Eg har kutta det ut sjølv ein gong for å holde kommunikasjonen oppe i ei vanskeleg gravferd. Eg gjorde det fordi eg såg på ei TV-overført kjendisgravferd at forettande prest gjorde det.
Men i etterkant har eg angra. Det er så mykje rart som blir lest og sagt i ei gravferd at dette er kanskje nettopp Johannes 3,16 som bør bli ståande.
Jesu låg tørr i ein steinhole