Handhelsinga som ikkje vart
HÅNDHELSESAKA: Min konklusjon må bli denne: Rektor opptredde uklokt, og gjorde rett i å be om orsaking.
FOREBYGGING: Det er mi overtyding at rektor i det minste burde ha avklara slik situasjon på førehand. I samtalar må ho gjerne gje uttrykk for sine synsmåtar og forklara elevar og foreldre kva ein forventar i norsk kultur, og kva som er klok framferd i det norske landskapet, skriv Karl Johan Halleråker.
Tore Meek
Den muslimske eleven som ikkje ville ta den kvinnelege rektoren i handa har blitt stort tema i media. Rektor gav verbalt uttrykk for kva ho syntest om det: «Slik har vi det ikkje i Norge!» Mange reagerer med avsky mot rektor sin kommentar. Det blir kalla både rasisme og svært upassande åtferd. Andre – som den kristne avisa Dagens leiar – gir henne full støtte. Det var visst rette ord i rett tid, ifølgje Dagen sin leiarskribent.
Det er fleire ting her som undrar meg. Rasismekortet bør absolutt få liggja urørt i denne situasjonen. Det blir både for lettvint og upassande. Ein seriøs organisasjon som Antirasistisk Senter burde opptre på ein meir sakleg og seriøs måte i ein situasjon som dette, meiner eg.
Underleg at dette var uventa