Grunngjevinga for å kasta Hallesby i gløymselens kjellar er ikkje heimla i rettvis rettargang
BYSTEFJERNING: Me må alle læra oss å leva med historia vår. Fortida er ein del av oss, på godt og vondt.
PASSAR IKKJE: – Ole Hallesby passar ikkje ved det nye MF, skriv kronikkforfattaren om professoren som vigde sitt liv til høgskulen. På bildet ser vi Hallesby på talarstolen i 1952.(Foto: NTB)
Ole Hallesby vigde store deler av livsverket sitt til Menighetsfakultetet (MF). Som professor i systematisk teologi frå 1909 til 1951 har han ein uslåeleg rekord. I mange år drog han så å seia kvar helg ut på reise for MF. Og i kampen mot den «liberale» teologien sto han i fyrste rekkje.
Det er difor ikkje til å undrast på at Hallesby for mange, vener som fiendar, var MF.
Men tidene har endra seg. Hallesby passar ikkje ved det nye MF. I eit slags intervju med rektor Vidar L. Haanes i Vårt Land 12. juni vert det rett nok sagt at fjerninga av Hallesby-bysten frå MF-biblioteket fyrst og fremst skuldast «praktiske årsaker».
Bestill abonnement her
KJØP