Glimt av ein TV-kanal: Elleve elleville episodar
I veka som gjekk blei det offentleg kjend: Fleire sendepartnarar forlet Visjon Norge. I det høvet har eg funne fram «høgdepunkt» frå kanalen dei jobba med: fasar, enkelthendingar og sitat. (Eg lovar: Eg har ikkje tatt med helvetesskremsler frå Mary K. Baxter, og ikkje manifestasjonsmøte med Debbie Rich. Dét slepp du å lese om.)
Noko av det eg deler her, er kanskje ikkje ting sendepartnarane stod for. Mange hevdar likevel at dei legitimerte alt gjennom samarbeidet:
1: Startfasen (2003)
Visjon Norge, eit barn av trusrørsla og truspredikant Jan Hanvold, dukkar opp denne våren.
Hausten same året veks det fram eit anna barn av rørsla: den no nedlagde Verdibanken. Banken skal ha "verdig trengande" i fokus, men blir på eine og andre måten dominert av Hanvolds gamle ven Arne Lund, og etter kvart av tvilsame investeringar. Lund er ikkje den mest synlege – meir som ein tilbaketrukken gudfar i rørsla – men gjestar kanalen fleire gonger. (I 2015 sit han der til dømes og seier at nokon må gi 200 000 kroner.)
Bestill abonnement her
KJØP