Frikyrkja bør avvise saka om samlivsteologi

FRYKTER MEININGSTVANG: Argumentasjonen fra dei øverste råda i Frikyrkja er ikkje teologi. Det er taktikk.

AVSTEMMING: – Om synoden aksepterer dette, vil det berre vere det konservative standpunktet som er legitimt i kyrkjesamfunnet, og pastorar og ordinerte eldste vil vere forplikta på dette, skriver Linn Sæbø Rystad og Per Kristian Hovden Sætre. Biletet er frå Synodemøtet i Frikyrkja i 2022.
Publisert Sist oppdatert

Den evangelisk-lutherske frikyrkja sitt synodemøte neste år kan verte avgjerande for rommet for teologisk samtale i kyrkjesamfunnet. Når synoderådet med overveldande fleirtal innstiller på å gjere spørsmålet om likekjønna samliv til vedkjenningsspørsmål, er vegen kort til einsretting og meiningstvang.

Sjølve er vi teologar som har forlate Frikyrkja. Vi har båe familiebakgrunn, oppvekst og ungdomstid i kyrkjesamfunnet. Vi er takksame for alt vi har lært og har med oss derifrå, men å gjere teneste i Frikyrkja vart til sist umogeleg.

Per Kristian melde seg ut som student i 2008. I møte med leiinga i kyrkjesamfunnet opplevde han at rommet for reelle teologiske diskusjonar var svært trongt. Linn var pastor i fleire år, medlem av teologisk fagråd og var med på å skrive den førre utgreiinga om likekjønna samliv som vedkjenningsspørsmål i 2017, men opplevde ingen vilje frå leiinga til å gå inn i tunge og naudsynte teologiske diskusjonar. Difor melde ho seg ut i 2018.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS