Folkekyrkja er der mangfald møtast
DEN NORSKE KYRKJE: Fordeling av ressursar og oppgåver er ikkje berre organisasjonsutvikling. Det er også evangelium. Evangelium som kallar til å byggje kyrkje for heile folket.
– Men kyrkja si framtid heng saman med heile folkekyrkja si framtid, samt ein identitetsskapande prosess som handlar om mangfald, skriver Mari Saltkjel.
mojekadry / Shutterstock / NTB
For nokre år sidan høyrde eg biskop Sören Dalevi snakke om det å vere folkekyrkje i eitt av verdas mest sekulariserte land, Sverige. Dalevi fortalde blant anna om sitt møte med Fred, ein religionsvitskapleg forskar som kom til Sverige for å gjennomføre intervju i samband med undersøkinga av konsekvensar av sekulariseringa. Etter sitt opphald i Sverige skreiv Fred, til biskopen si store overrasking, ein artikkel der han omtala Sverige som eitt av verdas mest kristne land. Biskop Dalevi blei utfordra til å ta innover seg eit nytt perspektiv rundt forteljinga om sin eigen kyrkjelege og samfunnsmessige samanheng. Samt til ei påminning om den teologiske refleksjon som ligg til grunn for tanken om folkekyrkja.
Biskop Dalevi sitt poeng var at det svenske samfunnet i tusen år har vore så gjennomsyra av kristne verdiar at det kan vere vanskeleg å identifisere alle spor, både i samfunn og i kvardag. Påstandar som er like aktuelle for oss i Noreg, som er i innleiinga av landslovsjubileet. Markeringa av kristenrettens betyding i Noreg er med på å synleggjere og gje oss kunnskap om korleis den kristne bodskapen har sett sine djupe og tydelege spor i det norske samfunnet. Også på vegen mot det som vi i dag kallar folkekyrkja.
Synkande kyrkjetal
Bestill abonnement her
KJØP