Er "Jure bellare" "Rettferdig krig"?
Knut Arne N. Aandstad skriv: "Derfor har vi også en tradisjon om rettferdig krig, med røtter tilbake til Augustin. Dette er prinsipper som skal hjelpe oss å se når bruk av militær makt er riktig og nødvendig."
Uttrykket "rettferdig krig" er vel ei tolking av "Jure bellare" i Augustana. Men i "Vedkjenningsskriftene åt Den Norske Kyrkja", omsette av Arve Brunvoll, s.53 lyder det rett: "å føra krig etter retten",- altso "krigsretten" - ei juridisk og ikkje ei teologisk formulering! Og då må det andre grunngjevingar til for å "rettferdiggjera" ein krig, og kyrkja og feltprestane sin stønad til ei krigstenesta.
Her kjem sjølvsagt den noko problematiske "toregimentslæra" inn og. Det er vanskeleg å sameina den med Jesu ord og liv! Eg opplevde det problematisk alt for snart 60 år sidan, på linja med Anton B. og kommandoen "på aksel gevær", og kommandoen "bønn" &&, og so dei drikkande og bannande befal og offiserar!
Her er me vel i det minste i eit vanskeleg grenseland, med flust av miner i feltet?
Bestill abonnement her
KJØP