Eit minne for livet
Albert Schweitzer stod på balkongen i Oslo Rådhus og vart hylla med faklar av ei enorm mengd menneske.
Han hadde fått Nobels fredspris for 1952, tildelt på etterskot i 1953. Men opptatt som han var med humanitært arbeid i Afrikas jungel, kunne han ikkje ta mot prisen før hausten 1954. Han var teolog, misjonslege, musikar, forfattar og fredsaktivist. I desse åra gav han tyngd til kampen mot atomvåpen og kjernefysisk opprusting.
Det var mitt første år som student i Oslo. Eg stod inneklemt i menneskehavet på Rådhusplassen. Så høyrde eg nokre spede stemmer som begynte å synge "Deilig er jorden". Og songen auka på. Til sist song vi visst alle, og sterkare etter kvart: "Fred over jorden, menneske, fryd deg! Oss er en evig Frelser født." Songen var spontan og uttrykk for sterkt samhald om det Albert Schweitzer stod for som kristen fredsaktivist. Det vart eit minne for livet.
Eg trur dette var første gong Deilig er jorden vart sunge ved eit slikt høve. Seinare er det mange døme på fakkeltog og slik song ved fredsprisutdeling og i andre høve, til dømes landesorga etter Utøya. Protestsongen i 1954 vekte stor undring i utanlandske media. Verda er jo full av kontastar.
Bestill abonnement her
KJØP