Eit berekraftig kyrkjeval
KYRKJEDEMOKRATI: Alt for mange har brukt alt for mykje tid på at alt for få deltek i kyrkjevalet. Det nyvalde Kyrkjemøtet må finne ei valordning som svarar til valdeltakinga.
FYSISK VAL: — Eg meiner det er grunnlag for å satse meir på digitale val. Samtidig må det vere mogeleg å stemme på papir for dei som ikkje ynskjer eller har høve til å stemme digitalt, skriv Kristin Gunleiksrud Raaum.
Caroline Teinum Gilje
Åtte komma nittini prosent. Oppslutninga i kyrkjevalet er det lågaste sidan kyrkjeforliket på Stortinget – og med den valordninga vi har i dag. Når alle sokn har rapportert inn vil det vonleg vere rett over ni prosent.
Vi skal evaluere valet, men allereie no kan vi sjå at dette ikkje er berekraftig i lengda.
Tilsette i alle stillingsgrupper brukar tid på kyrkjeval, i staden for å forkynne evangeliet og byggje fellesskap. Frivillige hender stiller opp i mange timar for å ta i mot relativt få stemmer. Avtroppande soknerådsmedlemmar må bruke sine siste timar på rigging, stemmemottak og oppteljing. Valordninga vi har i dag legg beslag på for store ressursar, både menneskeleg og økonomisk.