Ein ny runde Trump er for farleg for verda

USA-VALG: Tysdag er D-dagen. Her er seks grunnar til at det blir ille for oss alle om Trump vinn valet.

VALG: Trump respekterer ikkje grunnleggande demokratiske spelereglar. Han opererer i ei verd som no går stadig lenger i autoritær retning, etter mange år med demokratisk framgang. På bildet: Trump gestikulerer i det han avslutter en valgkamp-rally søndag.
Publisert Sist oppdatert

Folk frå Manila til Malta bit folk negler i desse dagane. Det amerikanske presidentvalet er det nærmaste vi kjem eit val som påverkar alle jordas innbyggarar. Dette valet vil enten gi oss Kamala Harris, som sjølvsagt vil endre litt, men for det meste vil stå for ei vidareføring av dagens amerikanske utanrikspolitikk. Alternativet er Donald Trump, som er kjent for å vere uføreseieleg. Men han har ei rekke valløfte og fire år i presidentstolen bak seg, som til saman viser kvifor det store fleirtalet av jordas innbyggarar vil tape på at han vinn. Det er seks grunnar til det:

Demokrati er den fyrste. Trump respekterer ikkje grunnleggande demokratiske spelereglar. Han opererer i ei verd som no går stadig lenger i autoritær retning, etter mange år med demokratisk framgang. I 2016, fyrste gong har blei president, hadde vi fleire og sterkare demokrati enn vi har i dag. Etter den tid har fleire autoritære leiarar festa grepet, og blitt meir ytterleggåande, som Putin i Russland.

Ukraina er særleg utsett

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS