«Eg går også i paraden for å uttrykkje at eg erkjenner at eg og kyrkja som eg leier, har påført skeive sår og skam»
PRIDE: Heile samfunnet må delta i å skape trygge rom, der alle kan vere seg sjølv. Kyrkja har eit spesielt ansvar.
TOG: Når eg deltar i Pride-paraden i Oslo 1. juli i år, er det særleg for å uttrykkje solidaritet med alle som har kjent seg utrygge etter hendingane 25. juni i fjor, skriv preses Olav Fykse Tveit.
Erlend Berge
Årets Pride-markeringar er ei tid for å samlast, ei tid for å ta vare på kvarandre. Vi feirar og gler oss over mangfaldet.
Men det er eit spesielt alvor over markeringane i år, eitt år etter terroren i Oslo som var retta spesielt mot menneske med LHBTQ+-identitet. Det er også ei sterk bølgje av polarisering og motvilje mot skeive i ulike deler av verda, i aust og vest, i sør og nord.
Denne uviljen mot skeive vert til og med brukt som motivasjon for vald og ein pågåande krig i Europa. Vi finn den også i nye lover som ekskluderer, diskriminerer og kriminaliserer skeive, som i USA og Uganda. Det er uakseptabelt.
Bestill abonnement her
KJØP