«Det er på tide å tenkja nytt om skulebibliotek»
SKULEBIBLIOTEK: Når nokre elevar får ei bokkasse og andre får engasjerte bibliotekarar, er det på tide å tenkja nytt om skulebibliotek.
NYTTIG: Ei kasse med bøker kan ikkje ta omsyn til ein umotivert lesar sine interesser og finna ei bok som passar. Det gjer ein fagutdanna skulebibliotekar, skriv Bjørnstad og Høvik.
NTB
Det er på høg tid at me gjev borna våre eit lovverk som sikrar bemanning og ein høg standard på skulebiblioteka.
I løpet av våren skal Stortinget vedta ei ny opplæringslov. Altså har me sjansen, akkurat no, til å leggja eit godt juridisk grunnlag for ei opplæring for framtida. Og er det noko me veit, er det at framtida treng gode skulebibliotek.
Unge les mindre på fritida enn før. Det er ei utfordring både for enkeltelevar og for samfunnet.