Det er noko som skurrar med The Send-kritikken
THE SEND: Som kristne er vi ikkje prisgitt det siste innan psykologi eller ein dæsj «goodwill» frå ein godvillig podkast-guru. Poenget er at den Gud det her er snakk om faktisk er den han seier han er.
BREIDDE: Arrangementa har vore ulike, men har alle famna svært vidt i det lågkyrkjelege landskapet, slik som her i Stavanger, der over førti ulike forsamlingar sto saman om dagskonferansen for ungdom med tema misjon og det å målbera ein felles lengt etter å gå «all in» for Jesus, skriv Sofie Braut.
Erlend Berge
Det har vore fleire kritiske innlegg etter at ein serie lokalarrangement i ulike norske byar tidlegare i sommar vart arrangert under ein felles The Send-vignett. Arrangementa har vore ulike, men har alle famna svært vidt i det lågkyrkjelege landskapet, slik som her i Stavanger, der over førti ulike forsamlingar sto saman om dagskonferansen for ungdom med tema misjon og det å målbera ein felles lengt etter å gå «all in» for Jesus.
Det var både interessant og befriande å lesa den meir substansielle kritikken av arrangementet til sjømannsprest Thomas Erlandsen som nyleg vart publisert hjå Vårt Land. Her kjem kritikken ut av den smale linsa til det sjølvopplevde, og vert mykje tydelegare og lettare å gripa. For dette skal Erlandsen ha takk. Når dette er sagt, meiner eg sjølvsagt ikkje at dei personlege historiene er uvesentlege, det er fleire enn eg som har poengtert at desse gjer vi alle vel i å lytta til. Ei personleg historie er likevel vanskeleg å drøfta. Og vi treng tydelegvis å drøfta The Send.
Erlandsens kritikk, derimot, er poengtert, i tydinga av at han både seier noko om kva som konkret er problemet med The Send, slik han ser det, og konstruktiv, i den forstand at han seier noko om kva han ville ha erstatta det problematiske med.