Reidun Mellem

Tidlegare leiar i Norske Kveners Forbund

I eit innlegg i Vårt Land 1. juli seier Nord-Hålogaland ­bispedømmeråd at «Kirken må lære av historien». Då er det bare å håpe at kyrkja no ­begynner å gjere nettopp dette­ – i staden for å undertrykke verdifulle kulturuttrykk. Dei har i alle fall mange hendingar dei kunne ha lært av – om dei ville. Eg skal nemne nokre av dei som gjeld oss og landsdelen vår – altså ­Hålogaland/Nord-Hålogaland bispedømme.

«Kirkens fiende»

I 1888 leier­ biskop Skaar an i stifting av Norsk Finnemisjon. Eit viktig­ punkt i statuttane var dette: «­Bekjempe Læstadianismen som Kirkens Fiende». Seinare skifta han rett nok syn og strauk då ut dette påbodet.

Så nokre ord om prost Beronka i Vadsø. Han var sjølv kven – og arbeidde flittig for å få biblar og religiøs litteratur på finsk språk til kvenane. Sjølv ønska han å bruke kvensk språk i gudstenestene sine, men det blei nekta. Han blei også etterforska på grunn av «svak nasjonal holdning». Og plutseleg er han å finne i ei prestestilling nede på Austlandet! Blei han tvangsflytta? ­Ingen veit – ikkje eingong i dag.

I 1929 overtar Eivind Berggrav bispestolen her. Han var ivrig i fornorskingsarbeidet, som vi kan lese i boka Den finske fare av Eriksen og Niemi (1981). Han brukte prestane sine – og til dels også lærarane – i bispedømmet som rapportørar om mistenkeleg verksemd i dei kvenske og finske­ miljøa. Etterretninga ramma­ òg dei læstadianske miljøa­ og dei finsktalande reisepredikantane som av og til besøkte området. Berggrav var også ein viktig­ ­informant til det leiande politiske miljøet i hovudstaden. Han såg det som viktig å skaffe norsk lesestoff til kvenane, og etter forhandlingar med redaktørane i Oslo fekk han heile 150 abonnement av norske vekeblad som han sendte til familiar i grensebygdene mot Finland, etter «i diskresjon» å ha fått namnelister frå kontaktane sine. Ingen skulle vite kven avsendaren var. Kanskje var dette tiltaket litt for lite «kirkelig» for han? Men han skreiv slik til ­redaktørane: «Mine erfaringer går ut på at det er en nasjonal oppgave­ av rang De her er med på å 
løse.»

• LES OGSÅ: Hvordan kan man snakke om kvensk kirkeliv uten kvener?

Fekk aldri svar

I 1980-åra, etter demonstrasjonane i Alta, innsåg også kvenfolket at det no var livsviktig med organisering, først i enkelte bygder, så med stifting av hovudorganisasjonen Norske Kveners Forbund (NKF) – som kom i 1987. Myndigheitene avslo vår søknad om støtte­ til dette viktige arbeidet – og frå kyrkja hørte vi ingenting. Den 10. desember 1997 prøvde vi å kontakte Norsk ­Kirkeråd. Samane hadde vore inviterte til kyrkjemøtet for å fortelje om trakasseringa dei hadde opplevd. Vi roste tiltaket og tilbaud oss å komme for å fortelje om det vi hadde opplevd. Vi fekk aldri svar, endå purring blei sendt.

I 2002 feira Nord-Hålogaland bispedømme 200-årsjubileum med eit seminar. Eg kontakta ­bispekontoret på førehand og minte dei om at kvenane også måtte få plass i programmet. Dei gjennomførte seks økter med foredrag, men kvenane var ikkje nemnt.

Heller ikkje då Tromsdals­kyrkja i 2015 feira 50-årsjubileum med festguds­teneste. I alt tre tekstar blei lest på samisk, men kvenane var ikkje nemnt. Ikkje her heller. Visst er det krenkande å oppleve at kyrkja­ synast å meine at slike høgtider blir betre dersom kvenane ikkje får sleppe til.

Ovanfrå og ned

No er det fleire­ kyrkjer som feirar ein kvenskprega gudsteneste nærmaste søndagen til kvendagen den 16. mars – med tekstlesing også på finsk (dersom nokon har ein finsk bibel). Menigheitene i Nord-Hålogaland har fått den samiske bibelen i gåve av bispekontoret, men altså ikkje den finske­. Det er liksom ikkje så lett å hugse på oss. Og i 2019 kom ny kyrkjeordninga ut på høyring. Utval for kvensk kyrkjeliv blei ikkje kontakta.

Her oppe blei mange forskrekka over manglande plass for kvenane, og fleire menigheitsråd og institusjonar sette krav om at kyrkja no måtte opprette eit eige kvensk kyrkjeråd, og dermed skaffe kvenane dei samme rettane som samane hadde. Ingenting blei gjort. Men den 19. april 2019 sendte Kirke­rådet melding til biskopen i Nord-Hålogaland om at utvikling av kvensk kyrkjeliv no var overført hit. Krav: ein komité måtte utnemnast – med deltaking av kvenane sjølv. Dette er visst enno ikkje gjort, så langt eg veit. Så hastar det vel ikkje, då.

Og så til den siste store gåva frå bispekontor og bispedømmeråd: Den dyktige salmekomiteen vår, som i nokre år har samla inn kvenske og læstadianske salmar – alle på to språk. Heftet var nærmast ferdig til å trykkast. Og her skal ein ikkje skylde på mangel på kommunikasjon, for avtale om innhald og form var underskriven av begge partane på føre­hand, og økonomien kom frå Kommunaldepartementet. Like­vel skjer dette: Frå bispekontoret kjem plutseleg denne meldinga til salmekomiteen – heilt utan forvarsel – i gammal ovanfrå og nedstil: 1. Takk for arbeidet. 
2. Komi­teen nedlegges. 3. Salmeheftet skal ikkje gis ut.

• LES OGSÅ: Toppet seg etter strid om kvenske salmer: Kirken tar selvkritikk og beklager

Alldeles ufatteleg

Så får dei vite at dette er eit «forarbeid» og at ny komité er i ferd med å bli etablert – «for å fullføre arbeidet», seier stiftsdirektøren. Fullføre eit arbeid som praktisk talt er ferdig? Skal kanskje innhaldet fornorskast? Bli muntrare og gladare – sidan det var ein anke mot dette heftet? Saka går igjennom i bispedømmerådet, som på svært tynt grunnlag går inn for bispekontorets forslag. Salmeheftet blir avvist. Den læstadianske salmeskatten duger ikkje for kyrkjeleiinga i Nord-Hålogaland! Alldeles ufatteleg! Og samstundes som kvensk salmekomité blir nedlagt, tømmer bispekontoret så å seie Utvalg for kvensk kirkeliv, for kvenar. Personar med høge stillingar i Dnk blir sett inn i staden for kvenar. Kva slags kultur- og menneskesyn er dette?

Så innser bispedømmerådet at dette bar galt av garde. Det tener til ros for dei at dei i ettertid forstod kva dei hadde vore med på – og kom saman til eit ekstra­ordinært møte den 16. juni – der dei snur om. Og no legg dei vinn på å lære av historia, seier dei. No skal dei vere tettare på menigheiter og grupperingar i kyrkja – også med dei mest utsette og sårbare.

Kor vidt det er kvenane som bispedømmerådet meiner skulle vere ekstra utsette og sårbare, veit eg ikkje. Kvenane har aldri omtalt seg sjølv slik. Det vi har gjort gjennom lang tid, er å krevje retten vår. Den retten som alle borgarar i eit sivilisert samfunn har. Denne retten har hittil stort sett vore nekta og motarbeidd for kvenane, også i kyrkjelege samanhengar. Vi ser fram til at det no blir ei tydelig endring på dette. Kva med å opprette eit eige kvensk kyrkjeråd?

LES MER:

Nå kan hjertespråket hennes bli anerkjent

Språk handlar ikkje berre om å forstå

Har 15 salmer å velge mellom - føler seg oversett av kirka