Den skjulte kulturskatten
SÀMEGIELLA: Kor er lista «100 samiske ord alle nordmenn bør kunna»?

Norske turistar likar å kunna helsa på lokalspråket: Buenos días! Bon jour! Kalimera! Guten Tag!Dei fleste av oss kan seia og forstå «god dag» på fleire språk. Men kva med samisk? Eg har ennå ikkje sett lista «100 samiske ord alle nordmenn bør kunna».

Bures!
Som student på Menighetsfakultetet for over tjue år sidan, møtte eg ein hyggjeleg mann som rekte fram handa og sa «bures» då me møttest. Eg trudde at han presenterte seg som Boris og svarte smilande «Ann Kristin».
Då me kom i snakk, fortalde han at familien brukar samisk heime. Når me møttest igjen, sa han stadig det som for meg høyrdest ut som «Boris». Eg trudde fyren hadde litt tungt for å hugsa at me hadde presentert oss for kvarandre. Heilt til eg forstod at det var eg som hadde tungt for det: «Bures» er «hei» på nordsamisk. Det er eit lett ord, likevel kunne eg det ikkje.
Fornorskingspolitikk
Då eg var liten, var det kjempestas å læra seg å telja «one, two, three» og «ein, zwei, drei». Men tanken om å læra å telja på samisk var heilt fjern: «okta, guokte, golbma». Sámidd Ædnan vann Melodi Grand Prix, og eg elska bildeboka Hjemme på vidda (1982) om femåringen Marit Inga frå ein reindriftsfamilie i Kautokeino, men samisk språk var i det store og heile usynleg for meg.
Eg las teikneserien om Sølvpilen og visste godt at utropet «Manitu!» eigentleg var namnet på skaparguden i Sioux-verda. Men eg ante ikkje kva namn urfolk i Noreg brukar på Gud.
Me veit kva rota til systemfeilen er, det er kolonisering og fornorskingspolitikk.
Ann Kristin van Zijp Nilsen
Det hadde kanskje stått betre til med samisken, viss eg også vaks opp i Kautokeino/Guovdageaidnu. Men eg er ryfylking utan sporbar slekt i Nord-Noreg, og eg har vore pinleg lite der. På den eine sida er det min feil at eg veit så lite om det samiske. På den andre sida er mangelen på kunnskap systemisk: Heile landet går glipp av ein vesentleg del av den felles kulturarven vår, ikkje berre eg. Faktisk så snakkar berre omtrent 30 prosent av samane sitt eige språk.
Me veit kva rota til systemfeilen er, det er kolonisering og fornorskingspolitikk. Usynleggjeringa av samisk kultur og språk tar lang tid å snu, men samiske institusjonar og enkeltmenneske jobbar hardt for å opna majoritetsaugo våre.
Fadervår på samisk
Akkurat nå er det Giellavahkku, Samisk språkveke for tredje år på rad – i både Noreg, Sverige og Finland. Målet er å synleggjera dei samiske språka i storsamfunnet, auka bevisstheita om dei og bidra til at dei blir brukte meir.
Den norske kyrkja er med, og veka blei innleidd med samiskspråkleg gudsteneste i Tromsø domkirke som blei strømma. Biskopane frå dei tre nordlegaste bispedømma deltok, og dei har for lengst oppmoda alle kyrkjelydane i nord til å ha nokre samiske element i alle gudstenester, heile året.
Det kan gjerast ved å seia inngangsorda på samisk, synga ei samisk salme eller å be Fadervår på samisk.
Ann Kristin van Zijp Nilsen
Men kva med resten av landet? Det er lett å gløyma kor langt Sápmi faktisk strekkjer seg. Det er ikkje svært lenge sidan sørsamisk blei snakka så langt sør som i Østerdalen og på Dovre og Nordmøre. Uansett er dette viktigast: Det bur samar i heile landet – i alle kommunar.
Det minner leiaren i Samisk kirkeråd, Sara Ellen Anne Eira, om nok ein gong. Ho føreslår å bruka språkveka til å løfta fram samisk språk og kultur i gudstenester. Det kan gjerast ved å seia inngangsorda på samisk, synga ei samisk salme eller å be Fadervår på samisk. Nettsidene til Samisk kirkeråd har lydfiler, og Youtube har videoar med samiske salmer.
Ein skjult skatt
Der ein leitar etter moglegheiter, finn ein dei gjerne. Særleg viss ein er meir opptatt av å læra enn å unngå å gjera feil. (Og det er framleis god tid til å øva før søndag 6. februar, den samiske nasjonaldagen.)
Kyrkja sitt engasjement her handlar først og fremst om å ta vår del av ansvaret for at samisk kultur og språk har blitt skambelagt og usynleg. Å feira det samiske er å bidra til forsoning og oppreising. Det handlar også om at kyrkja i Noreg omfattar mange fleire kulturar enn dei me har vore majoritetsblinde for så lenge.
Å feira det samiske er å bidra til forsoning og oppreising.
Ann Kristin van Zijp Nilsen
At folk sin identitet blir anerkjent eller ikkje – anten den er skjult eller synleg – er også ei eksistensiell erfaring. I blant kan små detaljar gjera at me verkeleg kjenner oss heime.
Men å synleggjera den samiske kulturskatten har også ei anna side som kjem majoriteten til gode: Me får sjansen til å oppdaga rikdommar me har gått glipp av. Kanskje viser det seg at samisk språk og kultur er vel så interessant som det me lærer på ferie sør for Skagerrak.