Den siste "gode" krigen
Den andre verdskrigen har vore kalla "den gode krigen" fordi vi og våre allierte meinte vi hadde rett og moral vår side. Men då var vel også krigføringa vår mild og proporsjonal?
Nazi-Tysklands starta krigen og bombinga
Det nazistiske styret i Tyskland var totalitært, antisemittisk og revansjistisk. Brotet på Münchenavtalen, angrepet på Polen og overfalla på dei nøytrale landa Belgia, Nederland, Danmark og Noreg viser at regimet også var lygnaktig og omsynslaust. Nazi-Tyskland var også først ute med bombing av byar, først i Spania under borgarkrigen der, så Warszawa i september 1939 med nær 40000 sivile døde, vidare Rotterdam 14. mai 1940, der 900 sivile vart drepne, deretter London, Liverpool, Birmingham m. fl. frå september 1940 til april 1941 med 40000 sivile døde. Sjølv om eg her utelet både myrderia på Austfronten og Holocaust, så hadde dei demokratisk styrte vestallierte difor god grunn til å meine dei representerte motsatsen til diktatur og vondskap.
Sovjetsamveldet som okkupant og alliert
Bestill abonnement her
KJØP