Vaktsjef Sigrid Rege Gårdsvoll:
Også gatekampar er politisk spel
KOMMENTAR: Då Donald Trump tok kontroll over delstaten California sin nasjonalgarde, starta han samstundes 2028-valkampen til guvernør Gavin Newsom.
Det er ingen løyndom at guvernør Gavin Newsom godt kunne tenke seg å bli president. Og det skal godt gjerast å få eit betre utgangspunkt for den omfattande mediemerksemda ein treng for å oppnå det, enn den siste dryge veka.
Fredag 6. juni samla demonstrantar seg i Los Angeles for å protestere mot den aggressive deportasjonspraksisen til Trump-administrasjonen. Den føderale innvandringsadministrasjonen ICE hadde i dagane før gjennomført raid fleire stader i byen for å pågripe menneske dei meiner er involverte i ulovleg innvandring til USA.
Demonstrasjonane fekk, slik demonstrasjonar i større amerikanske byar gjerne gjer, visse valdelege utslag, og det kom fleire gonger til samanstøyt mellom demonstrantar og politistyrkene. Dramatisk, men ikkje uhøyrt. Det aller meste teikna til at Los Angeles-politiet – enn så lenge – hadde grei kontroll på situasjonen.
Bestill abonnement her
KJØP