Dei ureturnerbare er folk, dei bur i kommunane våre

FLYKTNINGAR: Det er me i kommunene som opplever realitetane i politikken som vert utøvd. Det er me som må seie nei til å yte helsehjelp, nei til eit verdig liv.

UTFORDRER SENTERPARTIET: Poenget er at verdiane er skriftleg på plass, no handlar det berre om å setje dei ut i praksis, skriv Anita Husøy Riskedal og Magnhild Meltveit Kleppa.
Publisert Sist oppdatert

Regjeringa skal setje standarden for korleis samfunnet vårt skal vere. Me har trua på ein betre standard no. Me vil gjerne tru at Senterpartiet i regjering betyr noko!

Difor er denne linja i partiprogrammet viktig og rett: «Senterpartiet vil gjennomgå situasjonen for ureturnerbare asylsøkere, særlig med hensyn til statsløse».

Ifølge NOAS er det i dag anslagsvis 5-600 menneske som lever i Noreg utan rett til å jobbe, utan rett til helsehjelp, utan rett til å skaffe seg ein bustad, og dei har vore her i meir enn fem år. I Noreg i 2023! Ureturnerbare flyktningar er dei som ikkje får opphaldsløyve, men heller ikkje kan sendast tilbake. La oss slå det fast; dersom dei hadde hatt eit alternativ å returnere til, så hadde dei ikkje valt å leve som rettslause og utstøytte i Noreg i årevis.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS