«At norske medium ukritisk repeterer Rowling sin bodskap, er vanskeleg å vere vitne til»
PODKAST: The Witch Trials of J. K. Rowling er ikkje historia om eit offer, men eit svært vellukka PR-prosjekt. Det tar ikkje norsk presse innover seg.
KRITISK: At norske medium då ligg nasegruse av beundring og ukritisk repeterer Rowling sin bodskap, er vanskeleg å vere vitne til, skriv Hæåk.
Scott Garfitt
I fleire av podkastane eg lyttar til, har podkasten «The Witch Trials of J. K. Rowling» vore tema fleire gonger. Aftenpodden snakka om podkasten ikkje mindre enn tre gonger på tre sendingar, for det meste i positive ordelag. Aftenblabla vigde store delar av sendinga 12. april til positive omtale av Rowling. Astrid Mæland, kommentator i VG, konkluderte på bakgrunn av podkasten med at Rowling «er ikkje transfobisk». I mai skal podkastskapar Meghan Phelps-Roper bli intervjua på Nordiske mediedager i Bergen.
Dei stadige omtalane fekk meg til å lure på om podkasten verkeleg er så genial og banebrytande som fleire skal ha det til. Derfor sette eg Harry Potter og føniksordenen på pause og dukka inn i historia om det som fleire meiner er ei heksejakt på Rowling.
Transdebatt
Bestill abonnement her
KJØP