Alkohol, angst og einsemd - eit komplisert samspel

I følgje medieoppslag skulle ein tru at fråhald gjer unge både engstelege og einsame. Så då er det vel berre å be dei drikke oftare og meir?

Publisert Sist oppdatert

Er ungdom flest som ikkje drikk, plaga av einsemd?

Stundom lurer eg på kor opplyst ein blir av å følgje med i media, for nesten kvar gong eg les eller høyrer om noko som eg sjølv har kjennskap til, ser eg at mykje er unøyaktig eller direkte feil. Slik også med NTB-meldinga om ungdom, alkoholbruk og psykososiale problem, som slo fast at "unge voksne som ikke drikker er en ensom gruppe. De har økt risiko for angst og depresjon." Det første er ei generalisering det ikkje er dekning for, etter som heile 80% av 21-åringane i denne gruppa verken følte seg einsame eller hadde få venner. Journalisten kunne like gjerne ha skrive at "unge som drikker har depresjon", for det passa for ein femtedel av 21-åringane som hadde drukke siste fire vekene. Ut frå rå-data åleine ser det heller ikkje ut som om risikoen for angst og depresjon aukar i løpet av 20-åra for fråhaldne, men korrigert for kjønn, foreldra si haldning og utdanningsnivå og eige kristent engasjement i tenåra, er der ein skilnad. Men dette seier likevel ikkje noko sikkert om ein årsakssamanheng.

Den J-forma kurva

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS