Den britiske regjeringa skrinlegg omstridd skattegrep
Den britiske regjeringa trekkjer eit kontroversielt forslag om kutt av toppskatt, berre ti dagar etter at planen vart kunngjord.
SNUOPERASJON: Storbritannias finansminister Kwasi Kwarteng har gjort ein oppsiktsvekkjande snuoperasjon og kunngjer no at ein omstridd skattelette for dei mest velståande, ikkje blir gjennomført som varsla.
Aaron Chown/AP
I ein oppsiktsvekkjande snuoperasjon skriv finansminister Kwasi Kwarteng på Twitter at skatteforslaget har vorte eit forstyrrande element i arbeidet regjeringa er i gang med for å handtere dei overordna utfordringane i landet.
– Vi har fått med oss poenget i kritikken, og som ei følgje av dette, kunngjer eg at vi ikkje gjennomfører desse kutta, skriv han.
For ti dagar sidan la regjeringa fram eit budsjettutkast som mellom anna foreslo å kutte toppskatten på 45 prosent for dei som tener over 1,8 millionar kroner. Forslaget har hausta mykje kritikk, både internt i partiet og hos opposisjonen.