Samaritanarar må importere koner

Trudde du samaritanane ikkje ekisterte lenger? Importerte kvinner frå Ukranina redder dei frå utrydding.

– I dag er vi berre 766 samaritanarar igjen, fortel den relgiøse leiaren Husney Cohen. Sidan alle er i slekt og har for like gener er den religiøse gruppa tvinga til å hente koner frå andre religionar. Eit ukrainsk ekteskapsbyrå har fått fart på dei tverreligiøse ekteskapa. Biletet er frå den samaritnaske feiringa av lauvhyttefesten i oktober i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Den religiøse gruppa, kjend frå Bibelen, har i dag krympa til ein liten minioritet på berre 766 personar. I tillegg til å vere få, har dei fått ei farleg utfordring: Sidan dei alle er i slekt, har faren for genetiske fødselsdefektar blitt stor. Det har tvinga dei til å opne for ekteskap med kvinner utanfrå. Sjølv om det sat langt inne hos dei religiøse leiarane, har no 11 ukraniske jenter gifta seg med samaritanarar. Eit ukrainsk ekteskapsbyrå fekk nemleg fart på sakene, melder Al-Jazeera.

Den religiøse gruppa telte tidlegare over 1 million mennesker, men forfølging og tvangskonvertering til islam eller kristendom gjennom århundrer har gjort at samaritanarane har stupt i talet. Sjølv ser dei verken på seg sjølv som jødar eller muslimar, men som dei originale isralittane. Dei har aldri forlatt «Det heilage landet», og ikkje forandra religiøs praksis. Folkegruppa held til i en landsby like utanfor Nablus på Vestbreidda.

Fryktar hentekonene sine religionar. – Eg er redd for framtida. Det må vi vere no når vi inviterer jenter som er jødar, kristne eller muslimar. Men vi har ikkje noko val sidan vi har så få jenter i forhold til menn, fortel den religiøse leiaren Husney Cohen til Al-Jazeera.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP