Nyheter

Biskop, prest og fotballspelar ville ikkje gitt kollekt til fotballklubb

Men Viking sin midtbanespelar synest det er bra at kyrkja engasjerer seg for dei lokale tinga.

Nils Terje Andersen, prest i Vågsbygd kyrkje utanfor Kristiansand.

– Kollekt bør ikkje gå til topp­idrett, seier Lillestrøm-supportaren.

– Heller ikkje til Lillestrøm?

– Som privatperson kunne eg gitt pengar til Lillestrøm, men eg kunne aldri samla inn kollekt til fotballklubben. Det er for mange andre ting som treng midlar, slik som bistands- og misjonsprosjekt. Når Citykirken kan gi pengar til ein fotballklubb, tenker eg dei har det veldig godt økonomisk.

LES OGSÅ: Splitter menigheten og ofrer til de rikeste

Vidar Nisja, kyrkjeaktiv midtbanespelar på Viking.

– He, he. Eg hadde ikkje bidrege mykje til det prosjektet, nei. Men eg synes det er ein morosam ting å gjere som ei eingongshandling. Det er positivt at kyrkja engasjerer seg for dei lokale tinga.

– Hadde du sett pris på ei tilsvarande gåve til Viking?

– Ja, eg hadde tenkt det same. Kyrkja ville i tilfelle uttrykt tilknyting til fotballen i lokalmiljøet. Fotball betyr mykje for mange.

– Pengane hadde indirekte gått til deg. Hadde du teke imot med glede?

– Dersom det var varsla på førehand kva pengane skulle gå til, så hadde eg det.

LES OGSÅ: Ga kollekt til fotballag – får refs frå toppspelar

Guro Knutsen Mienna, Røa-spelar, tidlegare landslagsspelar og engasjert i Kristen Idrettskontakt.

– Det er mogleg folk vil kalle meg kjip, men eg synes det er svært mange formål som er viktigare enn å bruke kollekta på eit fotballag. Så lenge barn i verda svelt, synest eg kyrkja skal halde seg for god til å sponse lunsjen til velståande fotballspelarar.

Halvor Nordhaug, Fredrikstad-supporter og biskop i Bjørgvin.

– Det kunne blitt gitt mange kollektar til Fredrikstad Fotballklubb slik som dei har slitt med økonomien, men det ville neppe vere klokt. Kollekt bør gå til kyrkjeleg arbeid, misjon og bistand, men og nokre gongar til allminneleg humanitært arbeid.

– Kan arbeidet til ein fotballklubb kallast allmennhumanitært?

– Jo. Difor kan du også forsvare ei slik kollekt. Men det er openbart at Vålerenga og mange av dei andre toppklubbane brukar altfor mykje pengar til å løne spelarane og bidreg til ein penge­galopp som er i ferd med å øydelegge toppfotballen. Den blir meir og meir tvilsam.

– Vil du som biskop tilrå bergenskyrkjer til å ofre til Sportsklubben Brann?

– Nei, men eg vil heller ikkje gå imot det.

– Kva gjer du dersom du sit i kyrkjebenken og offeret går til Fredrikstad?

– Eg er medlem i supporterklubben og betalar difor 250 kroner i året til den. Eg hadde gitt med glede.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter