Nyheter

Ga kollekt til fotballag – får refs frå toppspelar

– Eg ville aldri teke imot, seier landslagsspelar Melissa Wiik om pengane som Citykirken samla inn.

Fotballklubben Vålerenga (VIF Fotball) er i akutt pengemangel igjen. Oslo-klubben treng 15 friske millionar kroner for å overleve sesongen.

Det har fått supporterklubben Klanen til å fortvile, men også til å setje i gang kronerulling. Og no har VIF-supporter og pastor Thomas Åleskjær teke innsamlinga inn i kyrkja. Førre søndag fekk han sin eigen hjord i Citykirken til å finne fram lommeboka. Dei 150 som deltok på gudstenesta gav til saman 10.000 kroner i kollekt, som går til toppklubben.

– Vi er ei Oslo-kyrkje og har engasjement for byen. Vi vil vise at vi bryr oss om meir enn våre eigne behov, seier Åleskjær.

– Fotball er jo ikkje religion. Å gi kollekta til ein toppfotballklubb er å gå over streken, seier Melissa Wiik, landslagsspelar og spiss på Stabæk.

LES MER OG DISKUTÈR: Å sende kollektbøssen rundt til inntekt for milliongasjerte fotballspillere er en hån, skriver redaktør Trygve W. Jordheim. Enig?

Sjokk. Toppfotballspelaren har vekse opp med å gå i adventistkyrkja i Drammen og har difor eit bankande hjarte for både kyrkja og fotball.

– Men eg hadde fått sjokk dersom eg sat i kyrkja og fekk vite at kollekta skulle gå til ein toppfotballklubb. Fotballen må klare seg sjølv. Dersom det er krise, må spelarane ned i lønn. Kvifor skal kyrkjepengane gå til millionlønene deira? spør spelaren.

Har skjedd før. Men det er tidlegare fotballspelar og kyrkjemann Eivind Arnevåg ueinig i. Han har sjølv ei fotballkollekt på samvitet og rosar pastor Åleskjær for innsamlinga til gamleklubben sin.

– Då eg var Vålerenga-kaptein i 1988 var det også økonomisk krise. Då haldt eg kollekttale i Vålerenga kyrkje med heile fotballstyret på bakarste benk. Det var med på å bryte ned skiljet mellom dei to arenaene.

– Burde ikkje kollekten bli gitt til fattige?

– Eg forstår godt det argumentet. Men sjølv om folk er lei av at Vålerenga stadig har rota til økonomien, så er det svært verdifullt når ei kyrkje kan engasjere seg i ein klubb. Det skjer nemleg så mykje godt i det sosiale rundt fotballen.

Oppfordra til stor gåve. Pastor Åleskjær fekk ideen eit par dagar før gudstenesta. Då resten av leiarteamet gav grønt lys, tok VIF-tilhengjaren sjølv seg av kollektpreika då søndagen kom.

– Eg brukte ikkje lang tid på appellen, men sa at det hadde vore artig å sende ei skikkeleg gåve til fotballklubben. I tillegg understreka eg at det var frivillig å gi, seier pastoren.

VIF-supporteren er einig i at det er mange viktigare formål som treng pengar.

– Årleg gir vi mange gonger den summen som VIF får til dei fattige. Eg vil vise til det Jesus sa då han forsvarte ei kvinne som brukte ei dyr salve til å smøre inn føtene hans: Dei fattige har de alltid hos dykk.

Inspirert av far. Far til Thomas Åleskjær, Åge Åleskjær, stod bak at Oslo Kristne Senter på 2000-talet sponsa fotballaget Lillestrøm. I tillegg til å gjere kyrkja og kyrkjelogoen kjent, fekk sponsinga mykje omtale i media. VIF-kollekten frå Citykirken har så langt fått blitt omtalt av Hegnar.no, Dagen, Korsets Seier og Vårt Land. På Klanen si heimeside har saka fått tittelen «HALLELUJA: Citykjerka ga kollekten til Vål'enga».

– Målet har ikkje vore PR. Men det at Oslo Kristne Senter engasjerte seg for Lillestrøm, bidrog nok til at vi også kom inn på denne ideen. Og sjølv om ikkje målet har vore PR: Kvifor reagerer folk på dette når kristne organisasjonar brukar mykje større beløp på annonser for å synleggjere sine sommarfestivalar eller bibelskular? Eg synes det blir rart når ei sjenerøs handling vekkjer kritikk, seier Thomas Åleskjær.

Glad Gelius. Ein som ikkje vil kritisere kollekta, er prest og VIF-supportar Einar Gelius.

– Eg synes det er flott. At dei vil støtte laget i ei vanskeleg vil eg kalle å vise nestekjærleik, seier presten som no har blitt sokneprest i Lom.

– Spelarane har millionlønningar. Burde ikkje pengane heller gått til eit sosialt prosjekt?

– Det kan du sjølvsagt seie. Men kvar kyrkjelyd står fritt til å gi til den dei vil. Dette varmar mitt Vålerenga-hjarte. Og klubben treng ei handsrekning no.

– Får du kyrkjegjengarane i Lom til å gi neste kollekt til Vålerenga?

– Det trur eg nok ikkje. Dei får ordne opp sjølv i Oslo, seier Gelius.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter