Nyheter

Vestlandskommune med stort hjerterom

Kan de ta ti flyktningar, spurte staten. Vi tek 25, svarte Luster kommune.

Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) fekk eit svært hyggjeleg svar frå Sogn og Fjordane-kommunen med vel 5.000 innbyggjarar då dei utfordra lokalpolitikarane om å ta fleire flyktningar:

Kunne kommunen ta ti?

Vi tek nesten det tredobelte, svarte lustringane. Talet blei 25.

Sp-kvinne viste veg

I Luster kommune fekk Senterpartiets Marit Aakre Tennø med seg kommunestyret på at kraftkommunen måtte opne dørene for flyktningar, særleg no når Europa opplever den verste flyktningkatastrofen etter 2. verdskrigen -­ og mange syrarar bankar på. Aakre Tennø fortel til VG at ho argumenterte for at Luster måtte strekkje seg langt.

- Dermed blei det fleirtal for å ta imot ti ekstra syrarar, seier ho til avisa.

LES OGSÅ: 50.000 flyktninger må bosettes i Norge

‪Mange tek færre‬

Fordi tilstrøyminga av flyktningar til Norge aukar, og fordi det framleis bur mange på mottak med opphaldsløyve, sender IMDI ut fleire brev til kommunane der dei ber om busettingsplassar.

Dette er status for busettingsvedtak i høve til oppmodningar for 2015:

232 kommunar seier ja til heile oppmodinga.

138 tek imot færre enn oppmoda - plassar som blei vedteke i desse kommunane.

138 tek imot færre enn oppmoda - plassar som ikkje blei vedteke i desse kommunane.

21 seier nei til IMDIs oppmoding om å busetje flyktningar.

LES OGSÅ: Betviler boligmangel i kommunene

Frp ber om boikott

‪I juni sa stortingsfleirtalet ja til at Norge skal ta i mot 8.000 syriske flyktningar i åra 2015-2017. Frp var som einaste parti sterkt i mot, og i kommunevalkampen har Frp-leiar og finansminister Siv Jensen bede kommunane om å boikotte busettinga av Syria-flyktningane som kjem som kvoteflyktningar.‬

LES OGSÅ: Kommuner anbefaler selvbosetting

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter