Nyheter

TV påverkar kvarmanns dødshjelpsyn

Møte med menneske som får hjelp til å døy påverkar ­kvarmann, men ikkje lovgjevarane, meiner etikar.

Se Siv Tove om den vanskelege avskjeden i videoklippet nedst i saka!

I kveld viser NRK Brennpunkt «Den siste reisen», ein dokumentar som lungesjuke Siv Tove Pedersen, som i vinter reiste til Basel i Sveits for å døy. Sveits tillet nemleg legeassistert sjølvmord.

– Veit du kva som skjer? spør lege Erika Preisig i Lifecircle Foundation, organisasjonen som oppfylte Pedersens ønskje om å få døy.

– Ja, eg vil døy, svarar Pedersen. Kort tid seinare anda ho ut.

Pedersen budde dei fem siste åra på institusjon, og var for det meste pleiepasient. Kvinna, som var rusmisbrukar i mange år, blei nekta lungetransplantasjon fordi ho gjekk på metadon. I dei siste leveåra var Pedersen heilt avhengig av oksygen 24 timar i døgnet.

I NRK-dokumentaren fortel Pedersen at sjukdommen gjer livet så vanskeleg at ho ønskjer å ende livet i Basel. Vegen fram til ho får døy på klinikken til lege Erika Preisig i Lifecircle Foundation, er lang. Utgreiing og fleire intervju med legar må til. Preisig må vere sikkert på at det er dette Pedersen vil innan legen finn fram legemidlet.

LES OGSÅ: NRK om pressetikken: «På rett side av streken»

Påverkar opinionen

Lege og forskar i medisinsk etikk, Morten Magelssen, trur møtet med Siv Tove Pedersen kan påverke kvarmanns syn på det å få hjelp til å døy om ein meiner seg ulækjeleg sjuk.

– Det er klart at opinionen kan bli påverka av denne NRK-dokumentaren og han som TV2 sende nyleg. Biletet av at eit fleirtal av nordmenn støttar aktiv dødshjelp, kan bli forsterka. For i møte med einskildlagnader av denne typen er det enkelt å tenkje at aktiv dødshjelp må bli lov. Då svarar ein kanskje ja når eit meiningsmålingsinstitutt ringjer og spør. Men engasjementet stoppar der for dei fleste. For når nordmenn blir utfordra til å stå opp for kravet om å legalisere aktiv dødshjelp, ja, så fengar dette få, seier Magelssen, som ikkje har sett kveldens dokumentar.

Forskaren ved Senter for medisinsk etikk på Universitetet i Oslo peikar på det faktum at organisasjonen Retten til en verdig død har få medlemmer i Norge. «Foreningen teller noe over 3.500 medlemmer, hvorav ca. halvparten er «livsvarige», opplyser organisasjonen på eiga heimeside.

LES OGSÅ: Nederland: – Aktiv dødshjelp ute av kontroll

Snøball rullar

Til samanlikninga har ein av Europas største foreiningar av denne typen, Nederlandse Vereniging voor een Vrijwillig Levenseinde (NVVE), over 160.000 medlemmer.

I NVVE er trua på at mange land vil følgje etter Nederland, stor. Sidan 2002 har aktiv dødshjelp vore lov.

– Om ti til 15 år vil mange vesteuropeiske land ha slike lover i ein aller annan variant, trur eg, seier kommunikasjonsdirektør Fione Zonneveld til Newsweek.com, og legg til:

– Det er ein snøball.

Denne snøballen treff ikkje Norge, trur Magelssen:

– Norske politikarar er restriktive i synet på aktiv dødshjelp. Difor ligg lovendringar langt fram i tid, seier legen.

Per i dag er det berre Nederland, Belgia og Luxembourg som tillet eutanasi. Nokre statar i USA og Sveits tillet legeassisterte sjølvmord.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Svak støtte

I Norge har Framstegspartiet sagt ja til aktiv dødshjelp, men berre i prinsipprogrammet. Frps programpunkt er av partileiar Siv Jensen omtalt som «et arbeidsuhell» som er uaktuell Frp-politikk.

Frp programfesta aktiv dødshjelp i prinsipprogrammet i 2009 etter initiativ frå ungdomspartiet FpU. Unge Venstre har også tatt til orde for å legalisere dødshjelp. Blant dei 169 folkevalde på Stortinget, er det berre Venstres Sveinung Rotevatn som ønskjer å opne opp for dødshjelp i Norge.

Andar ut

Siv Tove Pedersen døydde på ein oransje sofa i Basel, i armane til ei venninne:

– Ha det alle saman, seier Pedersen - og andar ut.

Alt blir overvaka av Preisig og ein hjelpar som filmar hendinga. Sveitsisk lov krev at legeassistert sjølvmord blir dokumentert som ei friviljug handling.

 

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter