Då TV 2 i januar viste dokumentaren «Selvmordsturisten» om ALS-sjuke Craig Ewert som reiste til Sveits for å døy, blei TV-kanalen klaga inn for Pressens Faglege Utval (PFU). Klagarane meinte TV 2 viste eit sjølvmord i detalj for ope kamera - noko som bryt med Ver varsam-plakaten.
Større merksemd
PFvalde forenkla saksbehandling, noko assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Reidun Kjelling Nybø, var usamd i:
«Ikke nødvendigvis fordi jeg tror TV 2s sak ville blitt felt for brudd på god presseskikk. Men fordi jeg tror det kunne ført til økt bevissthet og debatt rundt omtale av aktiv dødshjelp i norske redaksjoner. Nettopp fordi slike klager svært sjelden dukker opp på PFUs bord, burde klagene fått større oppmerksomhet fra utvalget», skriv ho på verdidebatt.no.
PFU gav ikkje klagarane medhald i at TV 2 braut Ver varsam-plakaten ved å vise «Selvmordsturisten».
Budd på klager
– Eg har lese Kjelling Nybøs innlegg, og meiner vår dokumentar om dødshjelp balanserer på rett side av streken, seier Odd Isungset, redaktør i Brennpunkt-redaksjonen i NRK.
- Er du budd på å bli klaga inn?
– Vi er alltid budd på klager.
Isungset meiner dei har laga ein «dokumentar som handterer eit vanskeleg tema på ein god måte».