Nyheter

30.000 døde i Nederland

Ein av tre legar vurderer dødshjelp.

I Nederland har aktiv dødshjelp vore lovleg sidan 2002. Vårt Land har henta inn tal for dei siste ni åra – og tala viser at vel 30.000 har fått hjelp til å døy i denne perioden. 2014-tala er ikkje blitt publiserte, men nederlandske medier trur dei vil liggje rundt 6.000. I perioden 2006-2013 fekk vel 30.800 nederlendarar aktiv dødshjelp.

– Eutanasien i Nederland er i ferd med å kome ut av kontroll, seier den britiske legen Peter Saunders til Irish Times. Saunders leiar Christian Medical Fellowship i Storbritannia.

Han meienr tala frå Nederland viser at det er urå å regulere aktiv dødshjelp når ein først har endra lovverket og gjort slik hjelp lovleg.

LES OGSÅ: TV påverkar kvarmanns dødshjelpsyn

Stor vilje.

Ei fersk kartlegging av haldningar blant nederlandske legar viser at:

• 85 prosent seier dei vurdere å hjelpe ein pasient til å få døy.

• Ein av tre vurderer å hjelpe pasientar som lir av tidleg demens eller psykiske sjukdommar.

• Nesten 1.500 legar svarte på spørsmål. 60 prosent seier dei har hjelpt ein pasient til å døy, og nesten halvparten av denne gruppa har ytt slik hjelp siste 12 månader.

• Ni av ti allmennlegar seier dei har fått spørsmål om å yte aktiv dødshjelp.

I studien frå universitetet i Amsterdam blei 2.269 allmennlegar og spesialistar kontakta, 1.456 svarte.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter