Rekordhøg folkevekst pressar helsevesenet
Norge har rekordhøg folkevekst, ikkje sidan 1920-talet har folketalet auka så kraftig. Men helsevesenet er ikkje budd.
Europa er heimsøkt av ei økonomisk krise. Difor er Norge svært attraktivt når folk ønskjer å flytte til eit anna land for å skape seg ei ny framtid. Norge ligg heilt i toppen i Europa når det gjeld prosentvis vekst i folketalet:
Ved årsskiftet var 5.051.300 busette her i landet, noko som er 65.405 fleire enn ved årsskiftet 2011-12. Veksten var berre 160 mindre enn i rekordåret 2011. Innvandringsoverskotet stod i fjor for 72 prosent av veksten.
Vi må heilt attende til 1920 for å finna ein større vekst i prosent, seier folketeljarane i Statistisk sentralbyrå.
Bestill abonnement her
KJØP