Moskeen som omvendte
sørlendingane
Mellom kvite trehus i Kristiansand ligg ei lita murbygning – ein moské. Før opninga kom protestane. No er naboane strålande nøgde.
– Vi har snakka om at vi skal setje opp eit skilt utanfor her. Vi har berre ikkje fått tid enno, fortel Akmal Ali.
Han er leiar av Muslimsk Union Agder, ei av gruppene som held til i den eitt år gamle moskeen i Henrik Wergelands gate i Kristiansand.
Kontrastane er store frå første augekast. Moskeen – ei låg, anonym murbygning og tidlegare skobutikk – ligg mellom kvite, idylliske trehus. Bak moskeen står ei blokk. På ein av dei nedre balkongane, som har utsikt til kvinnenes inngang til moskeen, sit ei ung jente og solar seg med overkroppen bar.
Bestill abonnement her
KJØP