Ikkje alle kom seg til kyrkja i påska på eige hand.

I Bergen ønsker dei derfor velkomen til kyrkja i veka etter påske - til song, kaffi, kaker og felles pilegrimsvandring.

– Ein må ikkje vere 40 år og sprek for å kunne ha utbytte av det som kyrkja har å fortelje.

Til kyrkja med rullator, stokk og rullestol

Publisert Sist oppdatert

På kjøkkenet i Bergen domkirke ligg det ferdigbretta påskeserviettar og friske blomar klare til å dekkjast på bord.

Lukta av nysteikte solskinnsbollar er det første ein møter når ein kjem inn, og den spreier seg ut i kyrkjerommet.

Her står kyrkjetjenar og ein friviljug og pyntar krossen med gule tulipanar. I sideskipet dekkjast det fint på borda med fat, koppar og påskepynt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS