Russ går for billig moro
Dei tykkjer russebuss er harry, arvar russeklede frå søsken og høyrer heller rektor fortelje eventyr enn å kome bakfulle på skulen. Det er klart for russetid på Oslo by Steinerskole.
– Det er dumt at det er så mykje fokus på drikking i russetida. Eg gler meg mest til å gje russekort til barna, det er det viktigaste med russefeiringa for meg, seier Leif Hofheinz.
Bjørk som sprett, blomar som blømar og utagerande russefeiring er sikre teikn på at våren er komen. Konflikt om kven som skal få vere med på russebussen, songtekstar om utsvevande sexliv, og millionbudsjett på feiringa pregar ofte merksemda kring russen. Skal vi tru avgangselevane ved Oslo by Steinerskole, er ikkje dette noko å trakte etter.
– Vi har ikkje så stort behov for å vere drita fulle og dumme oss ut, seier Ingrid Eriksen.
Eit av høgdepunkta i russetida til desse elevane er å overnatte i hagen til rektor, Bernard Daub. Med elevane samla kring bålet les han nøye utvalde eventyr som gjev dei noko dei kan ta med seg vidare i livet.