Omstridd skule har to år på seg til å opne
VOSS: Skuledagen er over. På veg heim stikk 11-åringen innom mor som arbeider på Kulturhuset. Vårt Land møter dei ved Vangsvatnet.
Sjetteklassingen Sara Slettemark slengjer sekken frå seg på steinbordet. Ho er sikker i sak:
– Eg ønskjer å få velje kva skule eg vil gå på, akkurat slik søskenbarna mine kan.