Anne Spurkland: – Det er immunforsvaret som vinn til slutt. Ikkje koronaviruset

Laboratoriet til Anne Spurkland er fullt av reagensrør, lukka glass, pipettar og mystiske instrument. Eskene med eingongshanskar ligg i stablar. På ein gul plastbehaldar blir det åtvara om «infeksjonssubstansar». Immunologen forsikrar rett nok om at det ikkje finst virus på vidvanke her.

Det skulle med andre ord vere trygt å vere med ein av Noregs mest intervjua personar dei seinaste par åra på jobb.

– Det er ikkje noko her som eg er redd for. Men vi vil halde prøvene våre reine, anten det er celler, arvestoff eller protein. Hendene våre er fulle av ulike enzym, så vi brukar alltid plasthanskar, seier ho og dreg på seg eit tettsittande par.

Eit beger i hylla er merka «antistoff». Vi har høyrt mykje om antistoff under pandemien – det er dei som bergar oss frå alvorleg sjukdom og død.

– Antistoffa er ein del av immunforsvaret. Vi kan også bruke antistoffa til å forstå korleis ting verkar i kroppen, fortel Spurkland.

Vaksinane mot covid-19 får kroppen til å lage antistoff mot piggen på viruset. Etter kvart som ein blir eksponert fleire gongar – får fleire dosar vaksine – blir antistoffa både meir breispektra og meir spesifikke på ein gong. Vi får betre vern mot viruset, rett og slett.

– Antistoffa dekker opp eit større repertoar av kva piggen kan tenkast å finne på.

---

Anne Spurkland

  • Immunolog. Professor i anatomi ved Universitetet i Oslo.
  • 61 år
  • Vaksen opp på Nordstrand i Oslo. Bur i Asker.
  • Gift med John. To barn.
  • Stadig aktuell i media, der ho hjelper oss å forstå korleis koronaviruset oppfører seg. Blei i 2021 tildelt både formidlingsprisen ved Universitetet i Oslo og formidlingsprisen fra Forskningsrådet.

---

Mange års forsking

På eit kontor like ved laben har Spurkland samla permar og dokument frå eit langt arbeidsliv. Brevkorrespondanse frå før internett.

– Her er også noko eg tek vare på av museumsgrunnar. Dei unge kan ha nytte av å sjå kva vi gjorde i gamle dagar, seier 61-åringen og dreg fram ein plansje som blei brukt til å lese rekkefølga på basane i genar.

Når ein analyserer koronavirus i dag, sekvenserer datamaskinene 30.000 basar på ein gong, og svaret kjem på eit par dagar. Spurkland klarte i den manuelle topperioden for tjuefem år sidan rundt 10.000 basar på to år.

Spurkland viftar entusiastisk med det gamle genkartet.

– Eg kan jo ikkje kaste dette!

Anne Spurkland. Norsk medisinsk forsker innen molekylær immunbiologi, lege, spesialist i immunologi og transfusjonsmedisin og fagbokforfatter. Hun er professor i anatomi ved Universitetet i Oslo.

Betre og betre vern

Sekvensering av koronavirus er rett nok ikkje hennar jobb. Derimot er Spurkland blant dei mest brukte ekspertane i media. Vi er etter kvart blitt vande med at ho forklarer oss vanlege folk kva som går føre seg og korleis viruset oppfører seg.

– Sjølv om koronaviruset er eit slitsamt virus, er det ikkje ekstraordinært. Vi har fire andre koronavirus som gir forkjøling, og når vi blir forkjøla på nytt er det fordi viruset har forandra seg litt. Dette skjer med ein viss frekvens, seier ho.

Immunforsvaret bygger gradvis opp eit betre og betre vern mot koronaviruset, meiner immunologen.

– Vi kjem til å bli såpass immune at det ikkje blir for mange sjuke på ein gong, trur ho.

– I løpet av pandemien, som no har vart i rundt to år: Har du sjølv vore engsteleg?

– Nei. Eg har ikkje det. Ikkje for meg sjølv. Eg er tilbøyeleg til å akseptere lagnaden, at det som skjer, det skjer. Eg har det med covid-19 som med annan sjukdom, til dømes kreft: Eg vil ikkje ha det, men blir ikkje veldig redd på førehand.

– Tenker du nokon gong på døden?

– Eg har prøvd å ta det innover meg relativt nyleg: Ein eller annan gong kjem eg i ein situasjon der det snart er slutt. Korleis vil eg oppleve det? Det er litt vanskeleg å førestille seg. Men eg er ikkje veldig bekymra.

Anne Spurkland. Norsk medisinsk forsker innen molekylær immunbiologi, lege, spesialist i immunologi og transfusjonsmedisin og fagbokforfatter. Hun er professor i anatomi ved Universitetet i Oslo.

Grunnforsking på kjøkkenet

Spurkland visste tidleg at ho skulle utdanne seg innan medisin. Vegen hennar blei staka ut allereie i barneåra. Sidan mor hennar også var lege, verka yrket både kjent og attraktivt.

– Far min prøvde rett nok å få meg til å tenke litt alternativt, fordi han meinte at eg var så talentfull. I grunnen sette han pris på at eg var veslevaksen, seier ho og humrar.

Skuleflink, det var ho. Ho løyste gjerne ekstra matteoppgåver i påskeferien. Men det interesserte henne også å lage ting med hendene. Veving, leire, alt som ein i dag kan kjøpe på hobbybutikkar.

– Eg har ikkje tid til handarbeid lenger. Men har eg barn i nærleiken, legg eg gjerne opp til det, seier ho.

Ei interesse frå barndommen som har fått bein å gå på også i det vaksne livet, er kakebakst. Faktisk har Spurkland gitt ut ei bok om kaker. Denne inneheld oppskrifter for allergikarar – korleis lage kake utan ingrediensar som mjølk, mjøl, egg og sukker.

– Som barn fekk eg og søster mi drive med grunnforsking på kjøkkenet, heilt uhindra, gjerne om morgonen mens foreldra mine låg og sov. Boka er ei forlenging av interessa mi for å finne ut korleis ting verkar og korleis det kan bli bra, seier Spurkland.

Vil vere til nytte for andre

Immunologen finn meiningsfylde i å vere til nytte for andre ved å bruke seg sjølv. Slik sett har ho verkeleg blomstra dei seinaste to åra. Faget som ho hadde jobba med så lenge, kom plutseleg i brennpunktet for heile verdas interesse. Ho hadde nettopp gitt ut ei populærvitskapeleg bok om immunforsvaret då pandemien ramma oss: Ho var preppa og klar til å hjelpe oss andre med å forstå dramatikken vi alle brått var hamna i.

– Eg trur eg har vore med på å redde liv. Blant anna ved å få nokre av dei som har vore skeptiske, til likevel å ta koronavaksinen, seier ho.

Som person tek ho generelt ein del plass, meiner ho sjølv.

– Eg er ikkje den som luskar usett langs veggane. Er det noko eg må ta opp, er eg veldig tydeleg på kva eg meiner.

Det blei tydeleg blant anna då ho i haust kritiserte Solberg-regjeringa for å sleppe smitten fri på uvaksinerte barn. Til NRK sa ho at ho syntest det var leit at foreldre ikkje fekk valet om vaksine eller virus til barna, når alle andre hatt fått eit slikt val.

– Mi rolle har likevel primært ikkje vore å kritisere, men å forklare. Målbere kva som skjer, finne håpet, eventuelt rasjonalisere så mykje så mogleg.

– Håp, seier du. Er håpet noko du tenker på også som eit livssynsspørsmål?

– For meg ligg nok håpet i intellektet og det rasjonelle. Det ligg håp i at vi tileignar oss kunnskap og forstår ting. Eg kan ikkje seie at eg har ei personleg tru: Eg trur ikkje på Gud og eg trur ikkje på Jesus, i den forstand at det er betydingsfullt for at eg har eit håp. Men eg er heller ikkje avvisande.

Anne Spurkland. Norsk medisinsk forsker innen molekylær immunbiologi, lege, spesialist i immunologi og transfusjonsmedisin og fagbokforfatter. Hun er professor i anatomi ved Universitetet i Oslo.

Står framleis i Den norske kyrkja

Agnostikar har ho vore heile livet. Men ho er framleis medlem av Den norske kyrkja og har ingen planar om å melde seg ut.

– Går du i kyrkja?

– Nei, ikkje no. Men då barna var små, ville eg at dei skulle få ei kristen oppseding – i den forstand at dei fekk vite kva kyrkja var. Eg ville ikkje ta ifrå dei det valet. Då måtte dei bli eksponert for kyrkja, seier Spurkland

Dei to barna hennar, ein son og ei dotter, er adoptert frå Etiopia. Då barna var nyadopterte, nytta Spurkland seg av det kyrkjelege tilbodet for barn som ikkje gjekk i barnehage. I kyrkja fann dei gode vener, blant anna ein etiopisk vennefamilie som er spesielt viktige for dei.

Mens barna var små, brukte dei også å gå i kyrkja kvar jul. Men ikkje på julaftan, som folk flest.

– Dersom du meiner alvor, går du ikkje i kyrkja på julaftan. Då går du i kyrkja på 1. juledag. Så det gjorde vi, heilt til barna protesterte. Men det var kjempefint, på alle måtar. Ikkje noko stress på julaftan, og mykje betre gudsteneste!

– Kva forhold har du til julebodskapen?

– At Jesus er fødd for å frelse oss, klarer eg ikkje å relatere meg til. Eg har skrive eit blogginnlegg om at han var fødd i ein stall, og at det var bra for immunsystemet hans. Det kan eg stå for! Og eg ser Jesus som ein viktig rollemodell. Han har lært oss korleis vi skal vere mot vår neste. Vi skal snu det andre kinnet til; det vil seie at vi skal tåle litt ubehag frå andre utan at vi er nøydde til å ta igjen. Jesus lærer oss også at vi skal vere miskunnsame mot dei som er svake og trenger hjelp.

Inspirert av økumenisk fellesskap

– Er dette ein lærdom du har hatt med deg i livet ditt?

– Eg prøver å vere snill og lojal, og stille opp for andre. Og så har eg vore styremedlem i Mariahuset i over tjue år, og er det framleis. Det er eit økumenisk fellesskap som tek seg av tre – no to – psykisk utviklingshemma kvinner, prinsipielt sett gjennom samleving. Det minner om å bu i kloster: Å dedikere livet sitt til éi viktig sak, seier Spurkland.

Reint praktisk har det vore vanskeleg for Mariahuset å få inn mange til å bu fast saman med dei psykisk utviklingshemma kvinnene over lang tid, men ein person – Bodil Sødal – har vore der heile vegen. Levesettet er inspirert av l’Arche-fellesskapet i Frankrike, det mest kjente internasjonale bufellesskapet der menneske med utviklingshemming bur saman med funksjonsfriske menneske. Ideen er at ein møter Jesus ved å møte dei minste blant oss; sjå det store i det små.

Anne Spurkland. Norsk medisinsk forsker innen molekylær immunbiologi, lege, spesialist i immunologi og transfusjonsmedisin og fagbokforfatter. Hun er professor i anatomi ved Universitetet i Oslo.

– Korleis blei du engasjert i dette?

– Eg var søkande då eg var student og opptatt av internasjonal dugnad. Eg drog til l’Arche og var der i fire månader. Det har påverka livet mitt i betydeleg grad. Eg lærte at dei psykisk utviklingshemma, med meir avgrensa ressursar, også hadde gåver å gi. Og eg lærte å bruke eigne gåver og ressursar til å gjere livet bra for andre.

– I eit intervju med Dagens Næringsliv i haust sa du at du trur på å ta vare på Guds gåver?

– Ja. Dersom eg har noko credo, er det dette, å ta vare på Guds gåver. Korleis kan eg snakke om Guds gåver viss eg ikkje trur på Gud? Eg tenker at det må vere heilt greitt. Når skogen bognar av bær, er det mi plikt å hauste av gåvene. Det gjennomsyrer livssynet mitt, seier ho.

– Større enn Jean Vanier

Den store leiarfiguren i l’Arche viste seg dessverre å ha svin på skogen. Omtrent samtidig som koronapandemien trefte verda, blei Jean Vanier, etter sin død, funnen skuldig i seksuelt misbruk av seks vaksne kvinner.

– Blei du skuffa?

– Eg blei skuffa på vegner av venene mine i Mariahuset og l’Arche. Jean Vanier var ei særs viktig støtte og ei inspirasjonskjelde for mange. Eg budde sjølv i huset hans i l’Arche nokre veker, og merka meg at han hadde ei veldig sterk tiltrekkingskraft.

Den nedslåande nyhenda gjorde henne ikkje desillusjonert på l’Arches viktige arbeids vegne, eit arbeid som Mariahuset altså er sterkt inspirert av.

– L’Arche er langt større enn personen Jean Vanier, seier ho.

Nynnar på salmar

Vi går vidare i samtalen. Vi sit no i eit rom med høg himling og god ventilasjon, godt eigna for samtalar i pandemitid. Det er ei engasjert kvinne vi har framfor oss. Ho og mannen flytta for få år sidan til Asker. Dei har vald å ikkje ha bil. Dei prøver å reise lite, bortsett frå nokre reiser til Etiopia. Og Spurkland prøver å reparere dei kleda ho allereie har, i staden for å kjøpe nytt.

– Og så kjøper eg alltid mat som er i ferd med å gå ut på dato. Eg ser det som ei oppgåve, rett og slett, å redde mat som ingen andre har lyst til å ete. Kjøtpålegg som er i ferd med å gå ut på dato, til dømes: Det er berre å kjøpe alt du får, og stapp det i frysaren! Bakteriane overlever ikkje frosten. Dei einaste eg er forsiktig med, er gammal majones.

Spurkland er i godt driv no. Ho svingar seg. På eit tidspunkt begynner ho endåtil å resitere og nynne på salmar.

– Edvard Hoems salme «Den fattige Gud». Den liker eg godt! Og no som det er juletid: «Mitt hjerte alltid vanker» – den er så fin! Litt mystisk. «Glade jul», det er for glatt for meg.

Ho har fleire gonger hatt med seg salmeboka på biltur med familien. Ho ler.

– Igjen handla det om å eksponere barna for religion. Og salmar var det eg kunne klare. «Å, for eit djup i Jesu kjærleik»! Den likar eg veldig godt!

Ho syng nokre strofer, journalisten fell på eit tidspunkt inn i duett.

Så slår ho over på ein annan salme: «Fylt av glede over livets under».

– Svein Ellingsens dåpssalme. Undringa over livsens mysterium; det er det som er så fint i denne. Livsens mysterium! Dette blir utforska og levd på Mariahuset, og det er det same eg gjer som forskar. Eg ønskjer å vite meir om livsens mysterium, så langt eg kan rekke det på den tida eg har.

Anne Spurkland. Norsk medisinsk forsker innen molekylær immunbiologi, lege, spesialist i immunologi og transfusjonsmedisin og fagbokforfatter. Hun er professor i anatomi ved Universitetet i Oslo.

Ein god bodskap

Underteikna må nesten spørje litt om Bibelen. Les ho noko i den?

– Ikkje mykje. Men det finst tekstar eg likar. Ikkje minst Forkynnarens tekst om at alt har ei tid. Den har hatt betydning for livet mitt. Vi blir minna om at det somme tider kan vere vanskeleg, men at det skal bli betre etter kvart. Ikkje minst gjeld dette no under pandemien. Alt har ei tid! Det kjem ei tid etterpå også, som kjem til å vere betre!

– Ved inngangen til eit nytt år: Har du, som immunolog, ein bodskap til oss?

– Bodskapen er at immunforsvaret vårt er fire milliardar år gammalt. Det er like gammalt som livet sjølv. Vi er her i dag fordi immunforsvaret har lukkast gong på gong på gong. Difor er det lys i enden av tunnellen, seier Anne Spurkland og legg til:

– Det er immunforsvaret som vinn til slutt. Ikkje koronaviruset.

---

4 raske

  • Gud er: Alt
  • Jeg klarer meg ikke uten: Papir. Kvite, blanke ark.
  • På gravsteinen min skal det stå: Carpe diem.
  • Boka alle må lese: Kusine Marte Spurklands bok Klassen.

---