YNSKJE: Martin Lilleberg hadde eit håp for deltakinga i NRK-serien Norges tøffeste: – At eg kunne vera ein fyr som gjorde det enklare for nokon andre å tru.
Erlend Berge
«Norges tøffeste»-Martin trudde han måtte vera ei grå mus for å vera kristen
15 år gamle Martin Lilleberg kjenner seg usikker, og på ingen måte på heimebane, då han troppar opp på samfunnshuset. Høg musikk fyller både kjellaren, der det er drikking som er hovudaktiviteten, og danselokalet i fyrste etasje.
Han har ingen planar om å oppfylle fordommen om at konfirmasjonen er ein overgang inn i dei karskdrikkandes rekker. Edru, men sosial, gira og nysgjerrig vil han gjerne finne ut kva bygdefestane dreier seg om.
På dansegolvet dannar det seg ein ring, og Lilleberg rekk ikkje å kjenne om han er usikker, før han stupar inn i midten. Han er på heimebane. Å vera ein kristen, dansande gut har på ingen måte gjort han kul blant jamaldringane. Fram til no.
Bestill abonnement her
KJØP