Guds kjærleik for alle

Det finst viktigare ting i verda enn å gruble på Guds eksistens, meiner Olav Fykse Tveit.

Min tro

Dette intervjuet i Vårt Lands serie Min tro stod på trykk 24. desember 2009, og er skrevet av Erling Rimehaug.

Då Olav Fykse Tveit vart vald til generalsekretær i Kirkenes Verdens-råd, var det éi helsing han særleg sette pris på.

Den kom frå ei tante av kona som er pinseven, og ho sende dette verset frå profeten Jesaja: «Du skal byggja opp att gamle ruinar og reisa grunnmurar frå farne ætter. Då skal dei kalla deg murbrot-bøtar, han som vøler vegar, så folk kan bu i landet..»

– Det synte meg at relasjonar og åndeleg fellesskap stikk djupare enn teologiske motsetnader, seier den nyslåtte leiaren for ein halv milliard kristne.

Han opplevde bibelverset som profetisk tiltale som gav ein visjon for den store oppgåva han har framfor seg.

– Vi må bøte dei grunnmurane vi står saman om, og vi må sette i stand vegar, det vil seie leggje til rette for at vi kan møte kvarandre, seier Fykse Tveit, som kjenner på at det skal mot til å gå inn i den rolla han no skal fylle.

– Men eg opplevde dette som ei oppmuntring til å vere den eg er. Eg kjem frå ein plass som betyr noko for meg, og har merka ei oppliving av røtene mine.

Presteson

Som presteson har Olav Fykse Tveit mangslungne geografiske røter, noko han har kunna gjere eit poeng av dei gongene han har vore bispekandidat. Dei kristelege røtene er både i vestlandsk folkekyrkjetradisjon og i bedehuset. Oldefar hans var lekpredikant og gikk under tilnamnet «Hardanger-bispen». I tenåra budde han i Hallingdal, og skulelaget i Gol var fyrste staden der han fekk oppgåver.

– Presten i Hemsedal har lova å be for meg i gudstenesta kvar søndag. Det tok tak i meg. Den norske kyrkja har gjeve meg dåpen, trua og mange interessante oppgåver.

Medisin

Presteson, teolog, prest og så til topps i det kyrkjelege hierarkiet: Vegen synest å ha vore nokså bein for Olav Fykse Tveit. Men han hadde ikkje tenkt å bli prest. Han ville studere medisin. Etter gymnaset var han eittåring i skulelaget, og der vart lysta til å studere teologi tent. Han merka at han hadde forkynnargåver. Og han ville sjå om det stemte, det alle prestar og leiarar sa, seier han med eit glimt i auga.

– Men eg var ikkje viss på om det var prest eg skulle bli, sjølv då eg var ferdig med teologien. Eg kjende på at det var krevjande å skulle stå inne for kyrkja og alt ho står for. Men då eg kom til ordinasjonssamtale hos biskop Ole Nordhaug, var hans råd at eg skulle tenkje på kva som var viktig for dei eg skulle vere prest for. Folk har bruk for meg, og eg har med meg noko eg ikkje har funne på sjølv. Det er ikkje presten som ber kyrkja.

«Dette får eg ikkje til»

Fykse Tveit vart prest ytst i havgapet på Møre. Det vart ei viktig modningstid.

Eg har stått på preikestolen og tenkt: «Skal eg like godt søkje avskil på måndag? For dette får eg ikkje til.» Men når eg syntest det var som mest krevjande, synte det seg at det var då folk kom og hadde fått noko ut av det eg sa. Ein eldre prest eg trudde meg til med problema mine, sa: «Det er godt Gud arbeider ordentleg med deg.» Det er når spørsmåla blir vanskelege at Gud får tale djupare til oss.

Den fyrste påska som prest stod han for alle gudstenestene, frå palmesøndag til påskedag.

– Då eg kom til påskedag og hadde levd gjennom påska på denne måten, vart eg fylt med ei stor glede. Eg såg at oppstoda låg som ei bøye i havet, ei bøye vi alle må forbi, og som kallar oss til å vende om. Det var ei djup glede, som du ikkje treng å dra på Oase-stemne for å oppleve. Ho var der i den enkle kyrkja der vi var, og der Kristus var hos oss.

Elska av Gud

Dette er det han opplever han kan ta med seg til Kirkenes Verdensråd, og som han og opplever å få positiv respons på.

– Ein ting er kva vi meiner. Men det er dei enkle, grunnleggjande kristne erfaringane eg har å komme med. Og som gjer at eg og kan vera glad for andre sine erfaringar.

– Kva unikt har kristendommen å komme med i dagens verd?

– Det er evangeliet. At det fyrste som kan seiast om oss, er at vi er elska. Kyrkja er eit fellesskap der det skal komme til uttrykk. Alle store spørsmål i tida: klima, krig/fred, rettferdig fordeling, dei finn sitt svar i spørsmålet: Er vi villig til å syne at vi elskar kvarandre? «Så høgt har Gud elska verda» – då må vi og elske menneska og denne kloden som vi lever på. Dette er det unike kyrkja har å komme med.

I sju år har Olav Fykse Tveit vore generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja. Det har ført til omfattande kontakt med folk som trur annleis. Vi spør om han kunne tenkt seg å vera noko anna enn kristen.

– Eg trur vi skal ta inn over oss ei erkjenning av at for dei fleste i verda, så er ikkje religion noko ein har valt, men noko ein høyrer til. Hadde eg vore fødd i India, hadde eg truleg vore hindu. Det gjer meg meir audmjuk.

– Men kva med å ikkje tru på Gud, har det vore eit alternativ?

– Då eg gjekk på gymnaset og las om Bjørnsons oppgjer med kristendommen, tenkte eg at det kunne nok vere ein mogleg veg. Og eg grubla mykje på Guds eksistens då eg var student.

– Men no har du lagt det bak deg?

– Eg synest vel andre spørsmål er viktigare. Og så har eg møtt så mange menneske som vitnar om kva kristentrua har å seie for dei. «Ei slik sky av vitne» gir frimod til å tru at Gud finst. Heller enn å gruble over Guds eksistens, vil eg ta på alvor at Gud elskar oss i Kristus og freiste å leve etter det.

Menighetsfakultetet

Vi møter Fykse Tveit i kantina på Menighetsfakultetet, der han har vore opponent ved ein doktordisputas, den andre disputasen ein pinseven har halde på MF. Det er eit historisk vegmerke norsk for økumenikk, som Fykse Tveit er glad for. Han har både studert ved MF og vore tilsett som stipendiat der.

– Då eg tok eksamen, tenkte eg at hit kjem eg aldri meir, seier han.

Det var mellom anna saka med Fartein Valen Senstad, der han engasjerte seg mot styret sitt vedtak, som gjorde at han kjende seg framand. Så kom han likevel attende i 1996, i noko av ei brytingstid for fakultetet. Det var strid om kor konfesjonelt fakultetet skulle vera, og det var homofilistriden som byrja. Når MF no er opna for både pinsevener og katolikkar, trur Fykse Tveit at han var med på å leggje premissane med doktoravhandlinga si. Som sekretær for Lærenemnda under handsaminga av homofilisaka var han og ein premissgjevar.

– Eg trur eg var med på å få ein refleksjon rundt korleis vi skal forstå kristen einskap. Når vi ikkje vert samde i ei viktig sak, er vi likevel forplikta til å stå saman.

Guds vilje

Fykse Tveit har nettopp vore i Betlehem, der han var med på å presentere «Kairos-dokumentet» frå palestinske kristne. Det kjem til å farge opplevinga av julebodskapen for han.

– Bodskapen frå Betlehemsmarkene var ei glede for alt folket. Fred for alle – det må og tyde rettferd og livsvilkår for alle. Eg forstår at det er viktig for jødane, med deira historie, å verne sin eksistens. Men når kristne i Palestina seier at vi ikkje kan halde fram med å leve som undertrykte og okkuperte, så er det ein direkte samanheng her til juleevangeliet. Det er ikkje å politisere evangeliet.

Fykse Tveit fortel at då dei var samla i Jerusalem, valde han adventssalmen «Kom, å kom, Immanuel», der neste strofa er «løys ditt bundne Israel». Det var ikkje berre enkelt for palestinske kristne å syngje det.

– Men eg trur vi må kunne ta til oss at løftet om forløysing gjeld oss alle, at vi kan ta til oss at her er vi alle Israel. Det er ikkje snakk om å velje side politisk, men å finne uttrykk for det som er Guds vilje for oss alle. Eg vonar at evangeliet denne jula vert forkynt som ein god bodskap som er for alle.

– Det finst viktigare ting i verda enn å gruble på Guds eksistens, meiner Olav Fykse Tveit.

---

Olav Fykse Tveit

  • 49 år, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, gift, tre barn, frå 1. januar 2010 generalsekretær i Kirkenes Verdensråd

---

Les mer om mer disse temaene:

Erling Rimehaug

Erling Rimehaug

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro