Der trua lever 
av seg sjølv

Når Gud blir borte for Erhard Hermansen, ber andre trua hans for han.

Min tro

Erhard spring så fort han kan. Langs nokre hus, over ein veg. Hjartet slår fort, han kan høyre raske skritt bak seg. Den blå skulesekken svingar frå side til side på den vesle ryggen. Det er ikkje langt heim.

Han ser over skuldra si, og plutseleg er dei over han.

Det skjer så fort. Eit par gutar held han fast, legg panna hans mot den kalde asfalten. Så kjem ein av dei andre, han har hanskar på, og slår elleve­åringen i bakhovudet. Igjen og igjen.

Alt vert svart. Så vaknar Erhard på sjukehuset.

Berre spør Erhard

– Dette vart meir kjensleladd enn eg hadde trudd, seier Erhard Hermansen (44) og tørkar tårene som renn nedover kinna med den eine handa.

Dei første åra på barneskulen var trygge, han var ein del av gjengen. Men i femte klasse skjedde det noko, Hermansen forstår framleis ikkje kva. Resten av tida på barneskulen brukte han alltid siste skuletime på å tenke ut korleis han raskast mogleg kunne kome seg vekk frå skulen når ­dagen var over, at han burde velje ei anna rute enn den han tok i går.

– Det var fordi eg visste at dei mest sannsynleg ville sette etter meg, for å banke meg, fortel han.

Hermansen har ein tanke om kvifor det skjedde, men veit ikkje om det stemmer.

– Eg opplevde at skulen var ganske lett, eg ­meistra faga enkelt. På eit tidspunkt sa kontaktlæraren min til dei andre i klassa: Om de treng hjelp, kan de berre spørje Erhard.

Han sukkar stilt.

– Eg trur det vart oppfatta som at eg følte meg ovanpå, og det var det kanskje nokon som ikkje ville ha noko av.

Ny jobb

Den 44 år gamle pastoren sit i ­kjellaren i Oslo Østre frikyrkje. Det er over tjue år sidan han brukte mesteparten av tida si i dette rommet, som barne- og ungdomsarbeidar. Mykje leik og litt ­andakt, mimrar han.

Nye, fargerike sofaar har kome til sidan då. På den vesle scena står eit keyboard og kaffimaskina lyser. Utanfor er trafikken jamn nedover Lakkegata, men det høyrest knapt.

I 1998 fekk Hermansen jobben som pastor i ­Herøy, ei øykommune på Søre Sunnmøre. Sidan har han vore der. Til hausten tek han til på jobben som leiar for Norges Kristne Råd (NKR), men vil halde fram med å bu på Sunnmøre.

Gud er kjærleik

Då han kom til i 1973, som familiens førstefødde, vart han kalla opp ­etter sin farfar, som døydde ung. Barn­domen i Arendal skildrar han som ei velsigning. Han var eldst i nabolaget og tok gjerne regien på leiken.

Huset, der han vaks opp med foreldre og to ­yngre ­sysken, med farmor i ­underetasjen, ­hadde alltid ei open dør.

Kvar morgon var det andakt ved frukosten. Faren gjekk ­tidleg på arbeid, men mora las bibelvers eller ei andakt. Borna fekk ete då ho las, men når ho ba ­måtte dei legge frå seg skivene og vere stille.

---

Erhard Hermansen

  • 44 år, skild, tre søner.
    Frå Arendal.
  • Studerte teologi ved Frikyrkjas eigen skule og ved Menighetsfakultetet i Oslo.
  • Har jobba som barne- og ungdomsarbeidar og pastor i Frikyrkja gjennom mange år.
  • Har også arbeidd som lærar og som personalsjef i reiarlaget Bourbon Offshore Norway.
  • Vil frå hausten av ta til som generalsekretær for Norges Kristne Råd (NKR).

---

Då mamma og pappa formidla tru til oss, vart vi ikkje pressa inn i ei form.

—   Erhard Hermansen

– Eg trur ikkje nokon av oss tenkte på det som noko rart. Det er ein integrert del av mammas liv, og det er noko med å oppleve det rommet der trua nesten lever av seg sjølv.

Om faren måtte køyre to ­rundar i nabolaget for å få med alle som Erhard og syskena ­ville ha med på søndagsskule, så gjorde han det. Framleis er mora søndagsskulelærar, snart 70 år gammal.

Frikyrkja i Arendal, eit bygg frå 1879, var ein stad unge ­Erhard ­elska å vere. Det var få ­utskjeringar rundt alteret, ­minnast han, men i fin, stor skrift sto det: Gud er kjærleik.

– Det har prega mitt guds­bilete. Gud er kjærleik. Då ­mamma og pappa formidla tru til oss, vart vi ikkje pressa inn i ei form. Det var ingen streng Gud, men ein gud som er god og som ville oss godt.

Eit kall

Han skulle ikkje bli pastor. Det ville han ikkje ­passe til, tenkte han med seg sjølv, og ikkje ville han heller. Så, som ­syttenåring, gjekk han på eit ­fellesmøte i Trefoldigheits­kyrkja i Arendal. Han sette seg på ­bakarste benk og tenkte: Her sit eg til møtet er ferdig, så går eg heim.

Men noko skjedde då pastoren i kyrkja byrja å snakke.

– Det kjendest som han tala berre til meg. Han snakka om det kallet Gud har til nokon når det gjeld å gå inn i heiltidsteneste i kyrkja. Eg kjende det dunka ...

Han tek seg til brystet. Etter møtet gjekk han til ei dame som arbeidde i kyrkja og ba henne be for han. Alt var så kaotisk.

Så gjekk det nokre månadar. På 18-årsdagen vakna han opp til ei helsing frå foreldra på sengekanten, Andre Mosebok 4:12: «Gå no! Eg skal vera din munn og læra deg kva du skal seia.»

Hermansen knipsar med fingrane.

– Plutseleg kom den kjensla frå kyrkja tilbake, kjensla av at: Gud, du er faktisk ikkje heilt ferdig med meg.

– Eit kall?

– Ja, absolutt. Hadde eg ikkje følt det, hadde eg valt noko anna.

Dolphin kantrar

Som pastor i Herøy har ­Hermansen vore oppteken av samarbeid med Den norske kyrkja og andre. Han har mellom anna samla 10.000 menneske til gudsteneste på Aker stadion i Molde for å markere 2000 år etter Jesu fødsel.

Men i 2005 søkte han om permisjon i eitt år. Han trengde ein pause etter det han kallar «ei ­konfliktfylt tid» i kyrkja. Sidan fekk han tilbod om ei stilling i eit av reiarlaga som held til i området, og takka ja til det.

Seks månadar seinare kantra skipet Bourbon Dolphin utanfor Shetland. Skipet var eit splitter nytt norsk ankerhandteringsskip, eit skip ­ Hermansen hadde eit spesielt ansvar for å følgje opp, som ­personalsjef i selskapet.

Av mannskapet på 15, kom berre sju heim i live.

I dagane etter ulukka var Hermansen på Shetland med dei pårørande. Om han var prest eller tilsett i reiarlaget desse dagane, er vanskeleg å seie. Rollene glei litt inn i kvarandre.

– Då sjefen skulle introdusere meg og sjømannspresten, sa han berre: No gir eg ordet til prestane våre. Av og til tok kjenslene overhand, men eg måtte vere det stabile, det trygge. Nokon som berre var der for dei.

Sjølv tykte Hermansen det var tungt å be desse dagane. Han klarte ikkje å lese i Bibelen.

– Eg kjende meg så makteslaus og tom. Det var ein heilt ubegripeleg situasjon. Eg kunne ikkje forstå det, eg kunne iallfall ikkje forklare det.

---

4 raske

  • Gud er: Kjærleik
  • Eg klarar meg ikkje utan: Familie og vener
  • På min gravstein ­skal det stå: Det får andre ­bestemme, trur eg.
  • Boka alle må lese: Nådens gåte av Philip Yancey.

---

Gud er med i både det store og det små, og han svarar kanskje på andre måtar enn vi ser føre oss.

—   Erhard Hermansen

Stemma brest litt.

– Unge, flotte menneske, som ikkje var meir. Eg tenkte: Gud, det er ikkje noko svar i dette.

– Kjende du på tvil?

– Nei. Men eg hadde ingen svar.

– Kvar var Gud då?

– Gud kom til meg gjennom andre. Gjennom meldingar med bibelvers eller bøner som eg las klokka fem om morgonen, når eg kunne legge meg nedpå litt. Eg hadde mange fleire spørsmål enn svar, men Gud bar meg likevel, gjennom andre.

Leve og lære

Etter tre år i reiarlaget gjekk ­Hermansen tilbake til kyrkja på Herøy. I 2014 var han ein av tre som kunne bli synodeformann – øvste leiar – i Frikyrkja. I høve det, vart han spurt av avisa Dagen om han meinte kvinner kunne bli synodeformann, eller bli ordinert til pastor i kyrkja.

– Eg har kome til at svaret på det er ja, svara han den gong.

– Hadde du eit anna standpunkt tidlegare?

– Då eg reiste til Sunnmøre i 1998, meinte eg at den ordinerte tenesta var for menn. Men eg vart utfordra ganske raskt til å gjere greie for det synet.

Etter å ha arbeidd skikkeleg med bibeltekstane og andre sine refleksjonar over dei, endra han meining. Han kunne eigentleg ikkje forstå at han hadde meint noko anna i utgangspunktet.

– I same intervjuet vart du spurt om dei i ­homofilt samliv kan vere leiarar i Frikyrkja. Svaret den gong var nei. Har du endra syn her?

– Dette er eit kjempevanskeleg tema. Det er også utfordrande å skulle meine noko veldig sterkt om det no, sidan eg skal inn i ein jobb som skal ­representere kyrkjer som har landa ulikt i dette spørsmålet.

Han vert stille. Byrjar på fleire setningar og ­stoppar opp. Er tydeleg ukomfortabel.

– Eg kjenner at ... Eg har ikkje kome til rette med Bibelen slik at eg kan forstå det på ein annan måte enn eg gjorde den gongen.

– Forstår du at somme ­reagerer når du seier at det skal vere plass til alle i kyrkja, men ...

– Ja. Men eg må spole tilbake og sjå på kva eg forplikta meg til ­under min ordinasjon. Det var å leve og lære i samsvar med Guds ord.

Raus

Hermansen er ­oppteken av at Norges Kristne Råd (NKR) skal leve i rommet mellom dei 22 medlemskyrkjene. Det ­viktigaste dei kan gjere, er å ­skape ein god dialog, som ­utgangspunkt for handling, meiner den ­på-
troppande generalsekretæren.

– Eg er oppteken av at trua skal ta god plass i det offentlege rom. Som kyrkje skal vi ha sjølvtillit i formidling av trua vår.

Han meiner også kyrkjene kan gjere meir i møte med urettferd, både nasjonalt og internasjonalt.

Eg er oppteken av at trua skal ta god plass i det offentlege rom.

—   Erhard Hermansen

– Korleis kan du vere ein ­samlande leiar?

– Eg tenker at eg er ein raus person. Min styrke ligg i ­relasjonar. Om vi søker å ­forstå kvarandre, så kan vi lære av kvarandre. Då kan vi kanskje også vere opne for ­endring. Som leiar vil eg respektere dei ulike syna i kyrkjesamfunna.

Bønesvar

Som barn brukte veslesystera hans å seie at ho småprata med Gud. Det gjer storebroren også. Sukkar, ber og småpratar.

– Det kan vere alt frå praktiske ting, til undring og dei store refleksjonane, fortel han.

– Får du svar?

– Ja, ofte. Gud er med i både det store og det små, og han svarar kanskje på andre måtar enn vi ser føre oss.

I april i fjor møtte han kontaktlæraren han hadde på ungdomsskulen i Arendal. Du redda livet mitt, sa Hermansen til han.

Då Hermansen vart mobba, ville foreldra gjere noko. Men sonen nekta. Alt ville berre bli verre av det, tenkte han, og foreldra aksepterte det. Men læraren på ungdomsskulen tok grep. Han besøkte alle heimane, snakka med foreldra og elevane. I løpet av sjuande klasse endra alt seg.

– Plutseleg var verda mi heilt annleis igjen.

Hermansen har aldri fått ei orsaking, men har tilgitt det som hende. Når han ser tilbake på ­mobbinga, på skilsmissen han gjekk gjennom for fem år sidan, på skipsulukka på Shetland, opplever han at trua har blitt sterkare. Nokon har bore han gjennom mørket når han ikkje har greidd det sjølv.

– Det er eit djupt avhengnadsforhold. Det er ­mykje eg ikkje forstår, mykje eg ikkje får svar på. Men eg treng Gud.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro