«Dette må de no ha gløymt no, det er snart ti år sidan»
22. JULI: Orda blei, ifølgje Ragnar Eikeland, sagt av ei forbipasserande kvinne då han stod ved grava til sonen Tore. På Osterøy er gløymselen den verste fienden – ti år etter at terroristen drap to lokale ungdommar.
FOR LITE: – Det for lite openheit om det som skjedde, noko debattklimaet vårt i dag viser, som er mykje verre enn det var i 2011, seier Ragnar Eikeland som mista sonen på Utøya.
Erlend Berge
Første del av saka er ein kommentar. Lengre nede kan de lese korleis dei ulike personane på Osterøy opplevde dei ti åra etter 22. juli.
Det var 5. august 2011. Søkkvåte stod vi der utanfor Hamre kyrkje, på den våtaste og mest regntunge dagen eg kan hugse. Vi var over tusen menneske, komne for å ta eit siste farvel med Tore Eikeland (21) frå Valestrand på Osterøy. Medan vi stod der midt i havet av paraplyar, under dei låge skyene som klamra seg til landskapet, tenkte eg: Korleis kjem det eigentleg til å gå med Osterøy – den vesle distriktskommunen rett utanfor Bergen med rett over 8.000 innbyggarar? Fire dagar seinare skulle det vesle lokalsamfunnet gravlegge endå ein ungdom, Tarald Kuven Mjelde som berre vart 18.
Begge var drepne med kaldt blod på Utøya – for meiningane sine.