– Det han var mest redd for, var å miste evna til å skrive
Jan Roar Leikvoll rakk å skrive nokre av dei sterkaste romanane i den norske samtidslitteraturen. No er han aktuell med Heimatt, den andre boka som er kommen ut etter at han døydde.
Med eit brak debuterte Jan Roar Leikvoll i 2008 med romanen Eit vintereventyr. Historia frå ein arbeidsleir, om ein hovudperson som lengta etter å bli elska, vart kalla både mirakuløs og imponerande av kritikarane. Berre to år seinare følgde Leikvoll opp med Fiolinane, som vart nominert til både Kritikarprisen og Ungdommens kritikarpris, og som han fekk Nynorskprisen og Bjørnsonstipendet for. På kort tid var han blitt eit av dei store, unge namna i det litterære Noreg.
Han rakk å skrive to bøker til, før han plutseleg, den 31. juli i 2014, gjekk bort. I haust er han aktuell igjen med Heimatt, den andre romanen som er kommen ut etter hans død. Kven var han, forfattaren av desse brutale, vonde, men høgt akta, bøkene?
Sovna inn i barndomsheimen
Bestill abonnement her
KJØP